9. Utdanning og kompetanse

Vidaregåande skole - Søkarar og elevar

Sterk auke i søkinga til yrkesfag

Heile 65 prosent av søkarane til Vg1 skoleåret 2024/2025 har søkt seg til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Til skoleåret 2023/2024 var det 41 prosent av søkjarane som søkte dei studieførebuande utdanningsprogramma og 59 prosent som søkte seg til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det var med andre ord ein markant auke i søkinga til dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, skoleåret 2024/2025. I Møre og Romsdal har det over tid vore god søking til yrkesfaga. Ser vi heile landet under eitt var det 53 prosent av søkarane til vidaregåande opplæring, skoleåret 2024/2025, som søkte yrkesfaglege utdanningsprogram.

Teknologi- og industrifag har dei siste åra vore det mest søkte yrkesfaget i Møre og Romsdal. Til skoleåret 2024/2025 var det 597 søkarar til Vg1, ein auke på 33 søkarar eller prosent målt mot skoleåret 2023/2024. Til Helse- og oppvekstfag var det 580 søkarar, ein oppgang på 115 søkarar eller 25 prosent samanlikna med skoleåret 2023/2024. Størst prosentvis auke var det i søkinga til Sal, service og reiseliv med ein auke i søkinga på 39 prosent. Til studiespesialisering var den ein nedgang i søkinga til skoleåret 2024/2025 på 22 prosent, noko som utgjer ein reduksjon på 216 søkarar.

Store forskjellar i søkinga etter bustadkommune

Det er store forskjellar i korleis søkinga fordeler seg mellom yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, når vi ser på bustadkommunen til søkarane. I fire av kommunane, Smøla, Sula, Vestnes og Hustadvika, har 80 prosent eller fleire av søkarane til Vg1 eit yrkesfag som 1. ønske. Til dømes har 90 prosent av søkarane frå Smøla kommune, søkt eit yrkesfag. I dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er det òg ei overvekt i søkinga til yrkesfaga, dette er med andre ord ikkje berre eit fenomen som gjeld dei minste kommunane. Det er berre i Ulstein kommune at det er flest søkarar til dei studieførebuande utdanningsprogramma, der søkte 55 prosent av søkarane seg til desse utdanningsprogramma.

Ungdommen søker som dei alltid har gjort

Det er eit klart skilje mellom kjønna i søkinga til vidaregåande opplæring. Dette søkemønsteret har vi sett over mange tiår, utan at det har vore store endringar i søkinga.

Det er likevel dei siste åra litt fleire jenter som søkjer seg til tekniske fag enn for nokre tiår sidan. Til dømes er 17 prosent av søkarane til utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk jenter. Utdanningsprogramma Frisør, blomster og interiør og eksponeringsdesign, Helse- og oppvekstfag og Kunst, design og arkitektur er døme på utdanningsprogram der jentene er i klar overvekt blant søkarane. Til Helse- og oppvekstfag, skoleåret 2024/2025, er til dømes 87 prosent av søkarane jenter. Til utdanningsprogrammet Elektro og datateknologi er 88 prosent av søkarane gutar. Det er til utdanningsprogrammet Restaurant- og matfag kjønnsfordelinga er jamnast, der søkarane fordelar seg på 52 prosent jenter og 48 prosent gutar.

Forrige tema:
Neste tema: