Netto flytteoverskot i 2023
Møre og Romsdal hadde eit samla netto flyttoverskot i 2023 på 2 236 personar. Dette er ein nedgang i nettoflyttinga samanlikna med 2022 på -407 personar. Det er likevel høgt om vi samanliknar med dei siste åra. Til dømes var nettoflyttinga i 2020 på 58 personar, mens det i 2021 var ei negativ nettoflytting til fylket på -47 personar. Nettoflyttinga omfattar både innvandring, utvandring og innanlandsflytting. Nettoflyttinga er i år som i fjor sterkt påverka av flyktningstraumen frå Ukraina.
Tre av kommunane i fylket hadde negativt nettoflytting i 2023. Størst netto flytteunderskot i tal personar var det i Stranda med -47 personar. Høgast nettoflytting var det i Molde kommune med eit netto flytteoverskot på 355 personar.
Større innanlandsk flytteunderskot
I 2023 var det innanlandske flytteunderskotet på -402 personar. Det vil seie at det flytta fleire personar ut av fylket enn det flytta til. I 2022 var flytteunderskotet på berre -221 personar. Det innanlandske flytteunderskotet auka med andre ord med 181 personar frå 2022 til 2023. Innanlandsflyttinga har dei siste par åra vore sterkt påverka av den sterke auken i talet på flyktningar. Flyktningar som først blir busette i eit flyktningmottak, blir registrert med ei innanlandsk flytting når dei flyttar vidare til busettingskommunen.
Det er i aldersgruppa 20-29 år at det innanlandske flytteunderskotet er størst. I 2023 var det innanlandske flytteunderskotet på -803 personar i denne aldersgruppa. Underskotet er større for denne aldersgruppa enn kva vi har vore vande med dei siste åra. Flytteoverskotet for aldersgruppa 30-39 år gjekk ned frå 221 personar i 2022 til 132 personar i 2023, ein nedgang på 89 personar eller 40,3 prosent.
Berre tre fylke med innanlandsk flytteoverskot
Det er berre fylka Viken, Rogaland og Vestfold og Telemark som i 2023 hadde overskot i den innanlandske flyttinga. Viken er i ei særstilling med eit innanlandsk flyttoverskot på 5 177 personar. Det er i Troms og Finnmark og i Nordland underskotet i innanlandsflyttinga er størst, med eit underskot på -1 930 personar og -1 712 personar.
Ein ser tydeleg at mengda flytting i befolkninga følger livsepokar. Det registrerast mange flyttingar i alderen 0-6 år, før born begynner i skulen. I aldersgruppa 6-19 år er det relativt få registrerte flyttingar, før mange igjen flytter på seg i alderen 20-35 år. Deretter flater hyppigheita av flytting ut, og befolkninga har ein stadig lågare flytterate i aukande alder.
Møre og Romsdal har netto tilflytting av personar i aldersgruppa 0-20 år, og netto fråflytting i aldersgruppa 21-34 år. Det vil si ei viss tilflytting av barnefamiliar, mens unge vaksne i større grad flyttar ut av fylket enn inn.
Dei fleste som flytter til Møre og Romsdal flytter frå utlandet. Elles har fylket nokså stor flytting med dei store byane i Norge og deira omland. For alle desse flytter det fleire folk frå Møre og Romsdal enn til.