Oppdatert arealrekneskap for kommunane i Møre og Romsdal
Det har dei seinare åra vore eit større fokus på arealbruken både nasjonalt, i fylka og i kommunane. Korleis arealbruken påverkar miljøet og naturen har fått eit auka fokus. Vi veit at fleire arealtypar er viktig for miljøet, til dømes myr som lagrar karbon, og er viktig for å halde på vatn. Med prognosar om meir nedbør og flaum i åra som kjem, har myra ein viktig funksjon. Ein uroleg verden og krig i Europa har lagt press på matproduksjonen. Noreg bør ut frå eit beredskapsomsyn produsere meir mat for å bli meir sjølvforsynt. I dette perspektivet er dyrka mark særs verdifull og skal takast ekstra omsyn til ved nye reguleringar av areal. Myr og dyrkamark er med andre ord to arealtypar ein må ta ekstra omsyn til i arealplanlegginga.
Mange av fylka har dei siste åra utarbeidd eit arealrekneskap. Arealrekneskapen gir ei oversikt over korleis allereie bebygd areal er brukt og kva arealtypar som har blitt nedbygd. Rekneskapen viser òg kva for areal som er regulert i plan og som enno ikkje er bebygd. Dette utgjer arealreserven som er regulert i plan til ulike føremål. Møre og Romsdal fylkeskommune har dei siste to åra utarbeidd arealrekneskap for kommunane i fylket. Arealrekneskapen vil gi ei oversikt over allereie nytta areal og dei arealreservane som er regulert i plan. Med ei slik oversikt vil det vere lettare å ha ei heilskapleg tilnærming til arealbruken og forhåpentlegvis vere ei hjelp ved utforming av nye lokale arealplanar.
Møre og Romsdal fylkeskommune oppdaterte arealrekneskapen for kommunane sommaren 2024. De finn meir informasjon om arealrekneskapen på fylkeskommunen sine heimesider - Arealrekneskap .
Arealreserven omfattar fleire arealtypar
Det er sett av store areal til bustadar og hytter, i dei kommunale planane, som framleis ikkje er nytta. Det er i tillegg til dette avsett areal til ei rekke andre føremål. Desse arealreservane omfattar fleire arealtypar, til dømes store skog- og open fastmark areal. I tillegg omfattar dei kommunale planane område med myr, fulldyrka jord og innmarksbeite. Ser vi heile fylket under eitt er det til dømes avsett areal i plan som omfattar 25 500 dekar med myr og nærare 12 000 dekar fulldyrka areal.