God vekst i folketalet i fylket
Folketalet i fylket vaks med 2 259 personar eller 0,8 prosent i 2023. Fylket passerte med dette 270 000 innbyggarar for første gong. Innbyggartalet i Møre og Romsdal var ved inngangen til 2024 på 270 624 personar. Vi ser den same trenden nasjonalt med ein vekst i folketalet på 1,1 prosent, noko som gir ein vekst i folketalet i Noreg på 61 219 personar i 2023. Folketalet i Noreg har som følge av befolkningsveksten i 2023 passert 5,5 millionar. Flyktningstraumen frå Ukraina er hovudårsaken til veksten i folketalet både nasjonalt og i Møre og Romsdal. Ser vi befolkningsveksten over tid så har den vore markant lågare i Møre og Romsdal enn for landet. I perioden 2014-2024 vaks folketalet i landet med 8,8 prosent mot 4,4 prosent i Møre og Romsdal.
Færre kommunar med nedgang i folketalet
Om vi ser vekk frå Ålesund kommune, der Haram har blitt eigen kommune igjen frå 1. januar 2024, var det 5 kommunar i fylket som hadde nedgang i folketalet førre år. Det var Stranda kommune som hadde størst prosentvis nedgang i folketalet med -1,7 prosent. 20 av kommunane i fylket hadde befolkningsvekst, størst prosentvis oppgang i folketalet var det i Rauma kommune med ein vekst på 3,6 prosent. Veksten i Rauma kommune er nok påverka av at det vart etablert eit flyktningmottak i kommunen mot slutten av 2023.
I perioden 2014-2024 var det nedgang i folketalet i 10 av kommunane i fylket, størst prosentvis nedgang var det i Vanylven kommunen med -8,4 prosent. Sula og Giske har i denne samanhengen vore vekstkommunar og hatt ein vekst i folketalet i perioden på 12,4 og 12,3 prosent.
Nedgang i talet på barn og unge
Det har dei siste tiåra vore ein nedgang i talet på barn og unge i fylket. I perioden 2004-2024 gjekk talet på barn og unge i alderen 0-19 år, ned med –3 419 personar. Det er i aldersgruppene 0-5 år og 6-15 år det har vore nedgang i. Dei låge fødselstala, spesielt det siste tiåret, har så langt ikkje hatt påverknad for aldersgruppa 16-19 år.
Ser vi på aldersgruppa 0-5 år, er det i Giske kommune den utgjer størst del av folketalet med 7,2 prosent. Til samanlikning utgjer same gruppe 4,2 prosent av befolkninga i Fjord kommune, noko som er med og understrekar dei variasjonane vi har i befolkningssamansettinga kommunane imellom.
Som følge av den sterke veksten i dei eldste aldersgruppene utgjer no personar i desse aldersgruppene ein større del av befolkninga. Til dømes utgjer eldre over 80 år 8,5 prosent av befolkninga i Fjord kommune, snittet for heile fylket er 5,3 prosent. Lågast del av befolkninga utgjer denne eldste gruppa i Sula kommune med 4,4 prosent.