Fleire gjennomfører vidaregåande opplæring
Av elevane som byrja i vidaregåande opplæring i 2017, gjennomførte 83,4 prosent av elevane i Møre og Romsdal etter 5/6 år (6 år for yrkesfaglege utdanningsprogram). Dette er ein oppgang i gjennomføringa på 0,4 prosentpoeng samanlikna med 2016-kullet. Høgast gjennomføring for 2017-kullet var det i Oslo der 84,9 prosent av elevane gjennomførte vidaregåande opplæring. Ser vi heile landet under eitt, gjennomførte i snitt 82,2 prosent av elevane vidaregåande opplæring etter 5/6 år. Dette gir ein oppgang i gjennomføringa nasjonalt på 1,2 prosentpoeng samanlikna med 2016-kullet. Lågast gjennomføringa var det i Finnmark, der 73,1 prosent av elevane i 2017-kullet gjennomførte utdanningsløpet sitt i vidaregåande opplæring.
Størst del jenter gjennomfører dei studieførebuande utdanningsprogramma
Gjennomføringa på dei studieførebuande utdanningsprogramma er høg, heile 92,0 prosent av elevane i 2017-kullet gjennomførte vidaregåande opplæring. Det er jentene som har høgast gjennomføring med 93,4 prosent, mens det var 90,1 prosent av gutane som gjennomførte dei studieførebuande utdanningsprogramma på 5 år.
Situasjonen er motsett i yrkesfaga, i desse faga er gjennomføringa høgast blant gutane. Av elevane på 2017-kullet var det 74,1 prosent av gutane som gjennomførte mot 73,1 prosent av jentene.
Elevar frå Gjemnes er best på gjennomføring
Av elevane i 2017-kullet er det elevane frå Gjemnes som i størst grad gjennomfører. Heile 97,5 prosent av elevane frå Gjemnes gjennomførte vidaregåande opplæring etter 5/6 år. Både elevane frå Stranda kommune og Herøy kommune hadde ei gjennomføring på over 90 prosent, med 90,3 og 90,2 prosent. Det er viktig å sjå desse tala over tid, i små kommunar med lågt elevtal kan gjennomføringstala variere mykje frå år til år.