13. Miljø, klima og energi

Energi

Tilgang på kraft er den største barrieren for grøn omstilling

I åra framover er bruken av elektrisitet venta å stige i fleire sektorar og på nye område, særleg grunna elektrifisering av industri, olje- og gassverksemda på norsk sokkel, transport og nye kraftkrevjande næringar.

Samla middelproduksjon av straum i Møre og Romsdal i 2023 var ca. 7,1 TWh, altså om lag 56 prosent av forbruket på 12,7 TWh. Dette inneber at vi i Møre og Romsdal må importere over 40 prosent av straumen. (Tala er henta frå SSB tabell 08308 og SSB tabell 10314.)

Av dei 12,7 TWh gjekk 2,1 TWh (17 prosent) til hushaldningar og fritidshus, medan 8,8 TWh (69 prosent) gjekk til bergverk og industri. Dei største forbrukarane er Hydro Sunndal, Omya Hustadmarmor, Troll Housing, Tjeldbergodden Industrianlegg (Equinor) og gassprosessanlegget på Nyhamna.

I følgje NVE har vi 161 vasskraftverk i fylket, med samla, middelproduksjon på 6,9 TWh i året. Samla installert effekt er 1 569 MW. I Surnadal, Fjord, Sunndal, Ørsta, Volda og Stranda er ny vasskraft med samla installert effekt på 28 MW og venta årsproduksjon på 81 GWh under bygging. Meir informasjon ligg på nettsidene til NVE, status for ny vannkraftproduksjon.

I Møre og Romsdal har vi tre vindkraftverk; Sandøy, Smøla og Haram, med samla installert effekt på 188 MW og samla middelproduksjon på 495 GWh i året. Meir informasjon ligg på nettsidene til NVE, Data for utbygde vindkraftverk i Norge.

Det er installert 370 solcelleanlegg i Møre og Romsdal, med samla installert effekt på 8 MW og samla, forventa, årleg produksjon på 6 GWh (0,006 TWh). 39 prosent av effekten er installert på bustader og hytter, tenesteytande næring har installert 27 prosent av effekten, industri står for 21 prosent og jordbruk, skogbruk og fiske står for 8 prosent. Meir informasjon ligg på nettsidene til NVE, Oversikt over solkraft i Norge.

Det er i Molde at det er installert mest solkraft i Møre og Romsdal. Dernest kjem kommunane Hareid, Surnadal, Volda og Ålesund.

Det er eit stort unytta potensial for solkraft i Møre og Romsdal.  Samla teoretisk potensial er 13,7 TWh/år, fordelt på bygg og grå areal. Potensial for bygg, som utgjer 3,9 TWh/år, er truleg enklare å realisere, mellom anna på grunn av betre lønsemd og færre negative miljøkonsekvensar. Tala for parkeringsplassar, deponi og jordbruksareal er henta frå rapporten Solkraft på gråarealer i Møre og Romsdal januar 2024, utarbeidd av Multiconsult. Tala for bygg er henta frå Nelfo sitt solkart.

Meir informasjon om kraftsituasjonen i Møre og Romsdal og tal frå rapporten om solkraft på gråareal finn du i Regional kraftsystemutgreiing for Møre og Romsdal, Kraftproduksjon dashboard Møre og Romsdal, Energisituasjonen i Møre og Romsdal etter 2026  og PlanNett NVE.

Forrige tema:
Neste tema: