Langt større del menn eig aksjar enn kvinner
I 2023 var det 22,3 prosent av alle menn i Møre og Romsdal som eigde aksjar, mens det blant kvinnene berre var 9,7 prosent. Det er med andre ord eit markant skilje mellom kjønna på dette området. Statistikken som SSB har utarbeidd, omfattar aksjar i aksje- og allmennaksjeselskap, samt eigenkapitalbevis. Innskot i fond er ikkje rekna med i denne statistikken.
Samla for begge kjønn var det 43 584 personar som eigde aksjar i fylket i 2023, dette utgjer 16,1 prosent av befolkninga. Det er berre i tre fylke delen av befolkninga som eig aksjar er høgare enn i Møre og Romsdal. I Oslo er delen som eig aksjar høgast med 19,7 prosent.
Fleire menn fekk utbetalt utbytte
Det er langt fleire menn enn kvinner i Møre og Romsdal som i 2023 fekk utbetalt utbytte. Når ein langt større del menn enn kvinner eig aksjar, så er ikkje dette uventa. I 2023 var det 13,1 prosent av mennene og 5,8 prosent av kvinnene i fylket som fekk utbetalt utbytte. Samla for begge kjønn er det 9,5 prosent eller 25 640 personar. Av fylka var det i Rogaland størst del av befolkning fekk utbetalt utbytte med 11,4 prosent, tett følgt av Oslo med ein andel på 11,3 prosent. Det utbetalte utbytte til personar i Møre og Romsdal i 2023 var på i overkant av 3,3 milliardar kroner.
Sidan 2014 har veksten i delen menn som får utbetalt utbytte vore sterkare enn for kvinner. I 2014 var det 9,1 prosent av mennene som fekk utbetalt utbytte, noko som auka til 13,1 prosent i 2023. Til samanlikning så fekk 4,2 prosent av kvinnene utbetalt utbytte i 2014 mot 5,8 prosent i 2023. Dei store forskjellane mellom kjønna i utbetaling av utbytte (kapitalinntekter), er nok med å forsterke dei økonomiske forskjellane mellom kvinner og menn. Menn har over tid hatt langt høgare brutto gjennomsnittsinntekt enn kvinner.