Stabile pendlingstal
I følge Statistisk sentralbyrå sin definisjon er ein pendlar ein sysselsett som har arbeidsstaden sin i ein annan kommune enn han har bustadadresse. Talet pendlarar blir altså berekna ut i frå bustad i folkeregisteret, mens arbeidsstad er registrert i ein anna kommune. Det er ikkje mogleg ved hjelp av koplinga bustadadresse og arbeidsadresse å seie noko om frekvensen i pendlinga. Den sysselsette kan til dømes ha heimekontor deler av veka og pendlar som følgje av dette ikkje over kommunegrensa dagleg. Det kan vere ei feilkjelde at enkelte bedrifter har registrert sine arbeidstakarar ved eit hovudkontor, men i praksis har fleire andre lokasjonar der tilsette har sin arbeidsstad.
Møre og Romsdal har eit pendlingsunderskot, med fleire som pendlar ut av fylket enn inn. Frå år 2022 til 2023 er det marginale endringar i inn- og utpendlinga i fylket. I både 2022 og 2023 var det 4,6 prosent av dei sysselsette i Møre og Romsdal som hadde bustadadresse utanfor fylket. Andel sysselsette busett i Møre og Romsdal som pendla ut frå fylket sank marginalt i same periode, frå 7,9 prosent i 2022 til 7,8 prosent i 2023.
Internt i fylket har Molde og Ålesund pendlingsoverskot. I 4. kvartal 2023 pendla 8 334 personar til Ålesund for å arbeide, mens utpendlinga var 5 617 personar. Samanlikna med tal frå 2022 auka pendlinga både inn og ut frå Ålesund, men innpendlinga er forventa å auke meir i 2024, når Haram har gjenoppstått som eigen kommune. I Molde pendla i same periode 5 790 personar inn og 2 955 personar ut. Molde hadde ein nedgang i innpendlinga og ein auke i utpendlinga samanlikna med tal for 2022. Kristiansund hadde i 4. kvartal 2023 fleire som pendla ut frå kommunen (2 251 personar) enn inn (2 068 personar), men det var ein auke i innpendling og nedgang i utpendling samanlikna med året før.
Fleire kommunar som ligg tett på dei store byane har stor utpendling, til dømes Sula og Giske til Ålesund. Andre kommunar, som Hustadvika, har stor utpendling til fleire kommunar. I 4. kvartal 2023 pendla 3 140 innbyggarar ut av Hustadvika på jobb. Det utgjer 45 prosent av den sysselsette befolkninga som bur i kommunen. Dei fleste av desse (1 965 personar) pendlar til arbeid i Molde.