7. Folkehelse

Ungdata-undersøkinga

Variasjon i ungdoms oppleving av lokalmiljøet

Møre og Romsdal har som mål å vere eit attraktivt og inkluderande fylke der folk vel å bu. Eit av fylkesplanmåla er at Møre og Romsdal skal ha trygge og tilgjengelege lokalsamfunn som fremmer god folkehelse, og som har gode og tilstrekkelege helsetenester til alle.

Lokalmiljøet spelar ei sentral rolle i befolkninga sitt liv, og betydninga for folkehelsa kan ikkje undervurderast. Eit trygt, støttande og ressursrikt lokalmiljø kan fremme god helse og trivsel blant innbyggarane, og er særleg viktig for barn og unge. Fysisk og sosialt miljø påverkar helse direkte eller indirekte gjennom faktorar som tilgjengelegheit til grøntområde, møteplassar, kvaliteten på skular, tilgang til helsetenester, sosiale nettverk og tryggleik. Tala i denne artikkelen stammar frå UngData-undersøkinga som vart gjennomført i alle kommunar i Møre og Romsdal i 2024, utanom Ålesund. Ålesund er inkludert med tal frå 2023, desse tala inkluderer også Haram.

Prosentdelen av ungdomsskoleelevar som er fornøgd med lokalmiljøet der dei bur, varierer betydeleg mellom ulike område. I Møre og Romsdal angir 63 prosent av ungdommane at dei er fornøgd med lokalmiljøet der dei bur, noko som er litt under landsgjennomsnittet på 67 prosent. Stranda har høgaste del av elevane på ungdomstrinnet som er fornøgd med lokalmiljøet der dei bur, med 71 prosent, medan Sande har lågast med 37 prosent.

Oppleving av tryggleik

88 prosent av elevane på ungdomstrinnet i fylket svara at dei opplever det som «svært trygt» eller «ganske trygt» når dei er ute på kvelden i nærområdet der dei bur, noko som er 4 prosent høgare enn gjennomsnittet for resten av landet. Resten svara «usikker» eller «eg kjenner meg utrygg». Kommunen med høgaste del ungdom som opplev tryggleik når dei er ute om kvelden i nærområdet, er Stranda med 98 prosent. 95 prosent svarar det same i Vanylven og Aure. Kristiansund og Sande skårar lågast på dette spørsmålet, med høvesvis 81 og 80 prosent.

Behov for fleire møteplassar

I Ungdata-undersøkinga for 2024 i Møre og Romsdal svarar 50 prosent av ungdom på ungdomstrinnet at dei opplev tilbodet i nærområdet der dei bur som «svært bra» eller «nokså bra», når det gjeld lokale å treffe unge i på fritida, noko som er fem prosent lågare enn landssnittet. Det er store variasjonar mellom kommunane i fylket, kor Sunndal skårar høgast med 79 prosent, medan Smøla skårar lågast med 35 prosent. Resten av ungdommane svarar «verken bra eller dårleg», «nokså dårleg» eller «svært dårleg».

Mobbing på ungdomstrinnet

Ei trygg og god oppvekst og eit trygt og godt skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring, er noko alle barn har rett til. Ifølge Ungdata rapporterer barn og unge i Noreg generelt om høg trivsel og gode levekår. Samstundes blir ein del barn og unge utsett for mobbing og ulike formar for krenking. Mobbing kan ha store konsekvensar for dei som blir utsett, både no og seinare i livet. Fem prosent av elevane på ungdomstrinnet svarer i UngData-undersøkinga i Møre og Romsdal 2024 at dei blir utsett for plaging, trugsmål eller utfrysing av andre unge på skulen, fleire gonger i veka. Dette er to prosent meir enn landssnittet. Ti prosent av elevane på ungdomstrinnet i fylket svarer at dei blir utsett for plaging, trugsmål eller utfrysing av andre unge på skulen om lag kvar 14. dag eller oftare. Medan 27 prosent svarar «nesten aldri», og 58 prosent svarar «aldri».

Forrige tema:
Neste tema: