Eit auka press på omsorgssektoren
Dei neste tiåra aukar talet på eldre i Noreg mykje. Dei som vart født i dei store fødselskulla i tiåra etter den andre verdskrigen er no gamle. Den store auken i talet på eldre vil utfordre tenesteproduksjonen på fleire forvaltningsnivå. Spesielt vil dette gjere seg gjeldande for kommunane som leverer tenester til eldre, både i form av heimebasert omsorg og i institusjon. I tillegg vil det nok legge eit ekstra press på legetenesta i kommunane.
Kommunane leverer ei rekke data til SSB, gjennom Kostra-rapporteringa (Kommune-Stat-rapporteringa). Dette er eit omfattande rapporteringssystem, der kommunane rapporterer data innanfor ei rekke fagområde. Helse- og omsorgssektoren er eit døme på ein sektor som leverer mykje data gjennom denne rapporteringa. Blant anna rapporterer kommunane kor mange over 80 år som mottar heimetenester og har hatt opphald i institusjon. Tar ein utgangspunkt i tenestenivået i dag, kan ein ved hjelp av folketalsframskrivingane seie noko om tenestebehovet i eldreomsorga fram i tid. Vi framskriv her same tenestenivået som er i dag. Ein krevjande økonomi og mangel på arbeidstakarar og kompetanse kan gjere det vanskeleg å oppretthalde dette. Tenestene kan òg organiserast meir effektivt, og eldre kan få betre helse, noko som kan gi mindre behov for helsehjelp. Trass i desse forholda som er vanskeleg å føreseie, kan likevel ei slik framskriving gi eit døme på kor den store auken i talet eldre kan utfordre tenesteproduksjonen i helse- og omsorgssektoren.
Ser vi heile fylket under eitt var det 13 892 eldre over 80 år i 2023, i 2039 vil dette auke til 24 448. Dette gir i følgje SSB sine prognosar ein vekst i talet eldre på 76,0 prosent. I 2023 fekk i snitt 28,8 prosent av dei eldre over 80 år heimetenester av kommunane i fylket. Det vil seie at 4 001 eldre over 80 år fekk tilbod om heimebaserte tenester. I 2039 vil 7 041 eldre over 80 år ha behov for slike tenester, om vi legg til grunn same tenestenivået som i dag. Av innbyggarane i fylket over 80 år hadde 9,5 prosent av dei institusjonsopphald i 2023, noko som utgjorde 1 320 personar. Med same tenestenivå som i dag vil det i 2039 bli behov for å gi teneste i institusjon til 2 323 eldre over 80 år. Kor stor del av dei eldre over 80 år i fylket som mottek teneste frå kommunane, varierer mykje kommunane imellom. Til dømes mottek 21,1 prosent av dei over 80 år heimebaserte tenester i Sande kommune, mot 42,8 prosent i Sula kommune. Sula har til gjengjeld ein lågare del eldre som har institusjonsopphald. Korleis den enkelte kommune organiserer omsorgssektoren er nok avgjerande for kva teneste som blir levert.