19. Likestilling og demokrati

Val

Færre unge kommunestyrerepresentantar

I kommunestyrevalet i 2023 var det ein nedgang i delen unge som vart valt inn i kommunestyra i fylket. Dei innvalde representantane i aldersgruppa 18-29 år utgjorde 2,9 prosent av mennene og 2,2 prosent av kvinnene som vart innvalde i kommunestyra. Dette er ein nedgang frå valet i 2019, då utgjorde dei valte representantar frå denne aldersgruppa 4,2 prosent av alle mennene og 4,5 prosent av alle kvinnene. Det er òg ein nedgang i representantar frå aldersgruppa 30-39 år ved valet i 2023.

Delen representantar over 60 år auka ved valet i 2023. Menn over 60 år er no den gruppa som har flest representantar i kommunestyra i fylket, med 23,4 prosent av alle innvalde menn. Samstundes er det berre 5,7 prosent av dei kvinnelege kommunestyrerepresentantane som er over 60 år. Med andre ord er det godt vaksne menn som dominerer i kommunestyra i fylket. Dette til tross for at delen kvinner i alderen 50-59 år har auka frå 9,2 prosent i 2019 til 12,1 prosent i 2023.

Nedgang i talet på kvinnelege ordførarar

Etter valet hausten 2023 vart det éin kvinneleg ordførar mindre enn ved valet i 2019. Det er no 9 kvinnelege ordførarar i dei 27 kommunane i fylket. Det gir ein andel kvinnelege ordførarar på 33,3 prosent, noko som er lågare enn ved valet i 2019 då andelen kvinnelege ordførarar var 38,4. Nasjonalt var det i snitt 37,0 prosent kvinnelege ordførarar ved valet i 2023, ein oppgang på 1,3 prosentpoeng sidan 2019.

Framleis stor overvekt menn som deltek i lokalpolitikken

Det vart små endringar i andelen kvinner i kommunestyra etter siste val. Andelen kvinnelege kommunestyrerepresentantar var 36,9 prosent ved valet i 2023 mot 36,4 prosent ved valet i 2019. Kvinnerepresentasjonen auka altså marginalt med 0,5 prosentpoeng ved valet i 2023.

Forrige tema:
Neste tema: