13. Miljø, klima og energi

Transport

Talet på el-personbilar i Møre og Romsdal er meir enn tidobla sidan 2016

I perioden 2016 til 2022 har delen elkøyretøy auka kraftig i Møre og Romsdal, men delen er lågare enn i Noreg samla sett. Delen elkøyretøy er størst i kategorien personbilar, kor han utgjer 19 prosent.

Den auka delen med elbilar og andre nullutsleppskøyretøy på vegane våre, gjer at klimagassutsleppa frå vegtrafikken går ned. I følgje Miljødirektoratet har klimagassutsleppa frå vegtrafikken gått ned med 21 prosent mellom 2009 og 2022, og personbilane står for 85 prosent av denne reduksjonen. Tala frå Miljødirektoratet kjem ut med eit års forseinking og går derfor berre fram til 2022.

Den totale køyrelengda i fylket held seg stabil. Køyrelengda til personbilar er nesten fem gonger så stor som den samla køyrelengda til bussar, godsbilar og lastebilar. Sjølv om personbilane køyrer mykje lengre enn dei andre køyretøya, står dei berre for knappe halvparten av klimagassutsleppa frå vegtrafikken i 2022.

Statistisk sentralbyrå (SSB) har kopla data for køyrelengder, bilparken og hushaldas inntekt og formue. På den måten kan ein sjå korleis bilkøyringa varierer med inntekta. I 2021 blei 74 prosent av køyrelengda med personbilar tilbakelagt av hushald med samla inntekt over medianen. Meir om samanhengen mellom inntektsnivå og kor mykje ein køyrer finn man i ein artikkelserie om samferdsel og miljø hos SSB.

EUs klimakvotesystem (EU ETS) har vore viktig for å redusere klimagassutslepp frå industri, kraftproduksjon, luftfart og maritim transport i Europa. Aktørar som er omfatta av systemet må kjøpe kvotar for å gjere opp for utsleppa sine. Ei klimakvote gir løyve til å sleppe ut eit tonn CO2-ekvivalentar.

Systemet fungere ved at det blir sett eit tak for kor mange CO2-ekvivalentar som maksimalt kan bli sloppe ut kvart år. Dette taket blir redusert over tid, slik at utsleppa minkar. Etter kvart som taket går ned, går prisen på CO2-ekvivalentar opp. Det gir insentiv til å investere i klimatiltak i staden for å kjøpe klimakvotar.

EU innfører no eit nytt klimakvotesystem (EU ETS2) som skal gjelde omsetting av fossile brensel til vegtransport og bygningar. Målet er å redusere klimagassutslepp frå vegtrafikken og oppvarming av bygningar, og vil truleg føra til auka pris på bensin og diesel. Meir informasjon finnast på Miljødirektoratet sine nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: