16. Samferdsel

Hurtigbåt

Størst passasjervekst på Langevågsruta, generell kostnadsauke

Totalt for dei fylkesinterne hurtigbåtane i Møre og Romsdal, vart det i 2023 registrert over 490 000 reiser. Dette er ein reduksjon på 13 prosent samanlikna med 2019, men ei auke på 16 prosent samanlikna med 2022.

I perioden 2019 – 2023 har det vore nokre endringar i tilbodet, med nedlegging av hurtigbåten på Romsdalsfjorden som den største, samt endring av Nordøyruta til Hamnsundruta frå august 2022. I snitt er det 1 349 hurtigbåtreiser per dag i 2023.

48 prosent av alle reiser skjer på Hareidruta, 37 prosent på Langevågsruta og 15 prosent på Hamnsundruta. Langevågsruta aukar mest med 10 prosent, medan Hareidruta har ein nedgang på om lag 4 prosent og Nordøy/Hamnsundruta har ein auke på 2 prosent samanlikna med 2019.

Utviklinga i billettinntektene sin finansieringsgrad av dei totale driftskostnadane for hurtigbåt har same negative trend som for buss i periode 2019 til 2023, og går frå 20 til 14 prosent. Driftskostnadane for hurtigbåt er vesentleg høgare enn for buss sett opp mot talet som nyttar seg av tilbodet. I perioden 2019 – 2023 har det vore nedgang i tal reiser. I tillegg har takstane for hurtigbåtbillettar vore uendra. Under korona i 2020 – 2022 vart bortfall av billettinntekter kompensert med ekstra overføringar frå staten. Til tross for ei auke i billettinntekter og reisetal frå 2022 til 2023, er det den generelle kostnadauken i kontraktane i same periode som gjer at finansieringsgraden minkar.  

For ytterlegare detaljar om økonomi i hurtigbåtdrifta, sjå rapporten Kunnskapsgrunnlag om inntektsutviklinga i kollektivmarknaden 2019-2024 frå sak 24/29 i Samferdselsutvalet 5. juni 2024.

Kystekspressen

Totalt for Kystekspressen var det registrert nærare 250 000 reiser i 2023, som er ei auke på om lag 5 prosent samanlikna med 2022. Om lag 66 prosent av desse reisene skjedde innanfor Trøndelag fylke, 26 prosent mellom fylka og 8 prosent innanfor Møre og Romsdal.

Kystekspressen nyttast mest på strekninga Trondheim-Brekstad, kor 44 prosent av alle reiser skjer, medan 14 prosent av alle reiser skjer på strekninga Kristiansund-Trondheim.

Forrige tema:
Neste tema: