14. Areal

Plankompetanse i kommunane

Vanskeleg å få rekruttert planleggarar

Rekruttering av arbeidskraft med rett kompetanse er kanskje den største utfordringa som næringslivet og offentleg sektor kjenner på akkurat no. For kommunane og fylkeskommunane er det fleire fagområde der det er lovkrav om å ha tilstrekkeleg kompetanse. Dette gjeld også for planfaget, der det er eit krav i plan og bygningslova at kommunane – og fylkeskommunane - skal ha slik kompetanse.

Vi står ovanfor samansette samfunnsutfordringar som krev at vi samarbeider om å løyse dei – t.d. klima- og naturkrisa, demografi-endringar og utanforskap. Planlegging er eit verktøy for å møte desse utfordringane. Det blir henta inn kunnskap, innbyggarar får medverke og det blir gjennomført prosessar der ulike omsyn blir brynt mot kvarandre. Planane skal gi politikarane eit godt grunnlag for vegval og prioriteringar for framtida – og føreseielegheit for innbyggarar og næringsliv.

Fylkeskommunen sendte i april ut eit spørjeskjema til alle kommunane i fylket om rekruttering av planleggarar. Det var 17 av dei 27 kommunane som svarte på kartlegginga.

Her er nokre hovudfunn:

  • 41 prosent (7 kommunar) har hatt nedgang i planleggarstillingar i løpet av dei siste to åra, to kommunar har hatt auke
  • Siste året har det slutta ein eller fleire planleggarar i 35 % av desse 17 kommunane
  • 53 prosent av kommunane har lyst ut ei eller fleire planleggarstillingar siste året
  • 67 prosent av desse (seks kommunar) opplevde å ikkje få tilsett nokon i stillinga(ne)
  • Av dei som fekk tilsett nokon, svarar 40 prosent at den/desse hadde både rett fagbakgrunn og relevant praksis. Det var også 40 prosent som tilsette ein kandidat med rett fagbakgrunn, men ingen relevant praksis. 20 prosent av kommunane valte ein kandidat dei måtte lære opp sjølve.
  • Nær 30 prosent av kommunane har gjennomført tiltak for å behalde den/dei planleggarane dei har. Her er lønskompensasjon, tilbod om kompetanseheving og administrativ støtte blant tiltaka som er gjennomført.
  • 9 av dei 17 kommunane har ikkje avsett nokon stillingsressurs til arbeid med klima og miljø
Forrige tema:
Neste tema: