Tannhelsa til barn og unge
Den langsiktige trenden er at tannhelsa til barn og unge i Møre og Romsdal blir gradvis betre. Over tid ser vi den same utviklinga i vårt fylke som i resten av landet. Tannhelsa for dei to yngste indikatorårskulla (3- og 5- åringar) er noko betre enn landsgjennomsnittet, medan dei eldre indikatorkulla (12-, 15- og 18- åringane) har dårlegare tannhelse enn landsgjennomsnittet.
Karies er ein indikator som kan synleggjere tannhelsa. Vi følgjer utviklinga i tannhelsetilstanden for fem indikatorårskull, og delen personar i årskullet som er utan erfaring med hol i tennene blir nytta som målevariabel.
Det er relativt store kommunevise variasjonar i delen av barn og unge som ikkje har karieserfaring, som kan vere vanskeleg å forklare ut frå demografiske eller sosioøkonomiske faktorar. Til dømes var det i snitt for kommunane på Søre Sunnmøre 20 prosent av 18-åringane som var utan karieserfaring, mens det i Ålesund kompetanseregion var 28 prosent. Snittet for fylket var at 26 prosent av 18-åringane var utan karieserfaring.
Fleire meldingar til barnevernet
Tannhelsepersonell har meldeplikt til barneverntenesta jf. Helsepersonellova §33, og har rutinar for å sende bekymringsmelding til barnevernet. I 2023 vart det meldt inn 17 bekymringsmeldingar mot berre 7 året før. Det låge talet i 2022 har ført til auka fokus på samarbeid med barneverntenesta. For å styrke den faglege tryggleiken ved meldeplikta, vart det halde kurs for alle tilsette i tannhelsetenesta, og utarbeidd ei ny samarbeidsavtale med barneverntenesta.