11. Helse og levekår

NEET - Ungdom utanfor arbeid og skole

Fleire unge står utanfor

Omgrepet NEET har dei seinare åra vore brukt om unge i alderen 15-29 år som står utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. NEET står for «Not in Employment, Education or Training» og er eit mykje brukt omgrep internasjonalt, når utanforskap blant unge er på agendaen.

Ein større del av ungdomen i alderen 15-29 år står no utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. Frå 2022 til 2023 auka delen ungdom i fylket som stod utanfor, frå 8,6 til 9,2 prosent. I 2023 er det 4 458 unge som er i denne situasjonen i Møre og Romsdal. Nasjonalt ser vi same trenden, der delen ungdom i utanforskap auka frå 9,5 prosent til 10,0 prosent frå 2022 til 2023. Delen ungdom i utanforskap i fylket er snart tilbake på 2020-nivå, då 9,6 prosent av ungdom i alderen 15-29 år stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak.

Det er Vestfold og Telemark som har størst del av ungdom utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak med 11,6 prosent. Det er berre i fylka Vestland og Rogaland at delen ungdom i utanforskap er lågare enn i Møre og Romdal.

Lågast del ungdom i utanforskap i Fjord kommune

Det er forskjell kommunane imellom kor stor del av ungdom i alderen 15-29 år som ikkje er i arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak. I Fjord kommunen var det 6,1 prosent av ungdom i alderen 15-29 år som i 2023 stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Til samanlikning var det i Hareid kommune 16,7 prosent av ungdomane som var i same situasjon. Utviklinga i den lokale arbeidsmarknaden, gjennomføringa i vidaregåande skole og tilgangen til arbeidsmarknadstiltak lokalt, vil vere forhold som påverkar kor stor del av ungdomen som fell utanfor. Delen ungdom i utanforskap er høgare for ungdom med innvandrarbakgrunn. Frå 2022 til 2023 auka delen ungdom med innvandrarbakgrunn som stod utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak. Kommunar som har hatt høg innvandring dei siste åra i forhold til folketalet er nok mest påverka av dette.

Forrige tema:
Neste tema: