6. Eksport

Eksport

Høg eksport per sysselsette i Møre og Romdal

Menon Economics har dei siste åra utarbeidd ei eksportmelding, i år publisert i Menon-publikasjon nr. 32/2024 (Eksportmeldingen 2024). Årets eksportmelding er utarbeidd på oppdrag frå NHO, LO, Innovasjon Norge, Eksportfinansiering Norge og Nasjonalt eksportråd.

I følgje Menon sin rapport var den samla eksporten frå Møre og Romsdal i 2023 på om lag 98 milliardar kroner (utan olje og gass), ein vekst på 6 prosent frå 2022. Dette gjer Møre og Romsdal til det 4. største eksportfylket i landet i 2023.

Møre og Romsdal var i 2023 det mest eksportintensive fylket med ein eksport på 743 000 kr per sysselsett. I Vestland og Nordland var eksporten per sysselsett høvesvis 708 000 og 604 000 kroner. Sjømatnæringa og kraftintensiv industri var dei to største eksportnæringane, med 30 prosent og 28 prosent av all eksport frå fylket.

Ser vi vekk frå olje- og gassnæringa sysselsette eksportretta bedrifter i fylket, i følgje Menon Economics rapport, nær 30 000 sysselsette i 2023. Dette fordeler seg på 17 500 som er tilsette i eksportnæringane og 12 100 indirekte sysselsette som arbeider i bedrifter som leverer varer og tenester til bedrifter som eksporterer. Dette utgjer om lag 22 prosent av alle sysselsette i fylket i 2023.

Auke i fastlandseksporten

Det er berre Vestland fylke som har ein større fastlandseksport målt i kroner og øre enn Møre og Romsdal. SSB definerer fastlandseksporten som eksport av andre varer enn råolje, naturgass, naturlege gasskodensat, skip og oljeplattformar. Fastlandseksporten var for Møre og Romsdal sin del på 61 326 millionar i 2023, ein auke frå 2022 på 3 337 millionar eller 5,4 prosent. Vestland fylke hadde ein nedgang i fastlandseksporten frå 138 657 millionar i 2022 til 135 406 millionar i 2023, ein nedgang på -2,4 prosent. Det var nedgang i eksporten i 5 av fylka, størst prosentvis nedgang var det i Vestfold og Telemark med -8,3 prosent. Størst prosentvis auke i fastlandseksporten var det i Troms og Finnmark med ein auke på 10,7 prosent. Dette gir ein vekst i eksporten på 3 152 millionar frå 2022 til 2023. Ser vi heile landet under eitt vaks eksporten med 21 674 millionar, frå 685 027 millionar i 2022 til 706 701 millionar i 2023.

Forrige tema:
Neste tema: