Nedgang i elevtalet på barnetrinnet
Det har i fylket vore ein nedgang i elevtalet på barnetrinnet frå 2020 til 2023. I 2020 var det 21 920 elevar på 1.-7. årstrinn i fylket, dette er i 2023 redusert til 21 480 elevar. Dette gir ein nedgang på -440 elevar eller 2,0 prosent. Heile 19 av kommunane i fylket hadde ein nedgang i elevtalet på barnetrinnet i denne perioden. For ungdomstrinnet er det framleis vekst i elevtalet. Frå 2020 til 2023 vaks elevtalet på desse trinna med 353 elevar. Dei låge fødselstala har endå ikkje fått innverknad på elevtalet i ungdomstrinnet. For kommunane har den auka innvandringa dei siste åra gitt fleire elevar i grunnskolen.
Færre lærarar i grunnskolen i fylket
Talet på lærarar i grunnskulen i fylket har gått ned dei seinare åra. I perioden 2015 til 2023 har talet på lærarar gått ned frå 4 022 lærarar i 2015 til 3 982 lærarar i 2023. Det høgaste talet lærarar i denne perioden var i 2018 med 4 164 lærarar, det gir ein nedgang på nærare 200 lærarar til 2023. Lågare elevtal i mange av kommunane i fylket, strukturelle grep og stram kommuneøkonomi kan vere nokre av årsakene til denne utviklinga.
Av dei 3 982 grunnskolelærarane i fylket er 365 over 60 år, det vil seie 9,2 prosent. Ser vi alle lærarar over 50 år, utgjer dei 31,4 prosent av alle grunnskolelærarane i fylket.
Framleis over landsgjennomsnittet i spesialundervisning
Delen elevar som fekk spesialundervisning i grunnskolen auka i Noreg i 2023, men i Møre og Romsdal var utviklinga motsett, her var det nedgang i tal elevar som fekk slik undervisning. I 2023 var det 8,0 prosent av elevane nasjonalt som vart tildelt vedtak om spesialundervisning, ein oppgang på 0,2 prosentpoeng frå 2022. I Møre og Romsdal gjekk delen elevar som fekk spesialundervisning ned med 0,3 prosentpoeng i 2022 til 9,3 prosent i 2023.
Av kommunane er det i Ulstein delen elevar med spesialundervisning er lågast med 4,9 prosent. I 9 av kommunane i fylket er tildelinga av spesialundervisning lågare enn det nasjonale snittet, mens det i 13 av kommunane er ein større del elevar med slik undervisning enn snittet for fylket.
Auka innvandring utfordrar tenestene
Den auka innvandringa utfordrar ikkje berre den kommunale flyktningtenesta og mottaksapparat, men store delar av dei kommunale tenestene. Både helsesektoren og skole- og barnehagesektoren er døme på sektorar som har fått nye brukarar som må følgast opp.
I skolen gjer dette seg mellom anna utslag i talet på elevar som har fått tildelt særskilt norskopplæring. Talet elevar som har fått tildelt slik opplæring, har auka mykje dei siste to skoleåra. Skoleåret 2022-2023 var det 1 733 elevar som fekk vedtak om særskilt norskopplæring i Møre og Romsdal, dette auka til 2 169 elevar i skoleåret 2023-2024. Auken frå skoleåret 2021-2022, då 1 449 elevar fekk tildelt slik opplæring, er med andre ord stor. I 2023 utgjorde dette 6,9 prosent av elevmassen, til samanlikning var det 4,6 prosent av elevane i 2021 som fekk tildelt særskilt norskopplæring.