Sjølveiga einebustad er den vanlegaste bustadsformen i Møre og Romsdal
Dei fleste i Møre og Romsdal eiger bustaden dei bur i. Heile 79,7 prosent er sjølveigarar og 4,7 prosent bur i burettslag eller aksjesameige. Det er 15,6 prosent som leiger bustaden dei bur i. Færre eiger sin eigen bustad i byane enn i fylket elles, men det er Volda som har den høgaste leigeandelen i fylket med 23 prosent. Dei siste åra har det vore ei svak auke i andelen som leiger bustad i Møre og Romsdal, med 0,4 prosent fleire i 2023 samanlikna med i 2015.
Den vanlegaste bustadstypen i fylket er einebustadar. Det gjeld for alle kommunar i fylket, men busettingsandelen i einebustad er klart høgare i distrikta samanlikna med i byane. Kristiansund er den einaste kommunen i Møre og Romsdal der under halvparten av befolkninga bur i einebustad, med 47,1 prosent. Andelen er høgst i Smøla, med 92,7 prosent.
Dei siste åra har likevel andelen som bur i einebustad minka i Møre og Romsdal, mens talet på dei som bur i blokk, tomannsbustad eller andre småhus har auka. 2,7 prosent færre bur i dag i einebustad samanlikna med i 2015, og 1 prosent fleire i bustadblokk. Utviklinga sjåast mellom anna i samanheng med at Møre og Romsdal har ei aldrande befolkning, og at det i dei siste åra har blitt bygga fleire leilegheitsbygg enn einebustadar – også utanfor byane.
Færre bur trongt
Om ein bur trongt brukast ofte som ein levekårsindikator. Det kan seie noko om eit hushalds materielle og økonomiske forutsetningar for eit godt liv, og den enkelte si moglegheit for privatliv, leik og kvile. SSB definerer trongbuddheit som anten at tal rom i bustaden er mindre enn tal busette, at ein person bor på eit rom, eller at arealet (P-rom) av bustaden er lågare enn 25 kvadratmeter per busett.
I Møre og Romsdal bur 7 prosent av befolkninga trongt. Dette er ein lågare andel enn landssnittet på 9,7 prosent, og andelen trongbudde i fylket har minka med 0,5 prosent samanlikna med i 2015. I Møre og Romsdal er det berre Volda som ligg over landssnittet for trongbuddheit, med ein andel på 10,4 prosent. Fleire bur trongt i byane enn i distrikta, med 8,3 prosent i Ålesund, 7,9 prosent i Molde og 7,3 prosent i Kristiansund.
Bukostnadane i Møre og Romsdal har auka – men ulikt
Kostnadane med å bu og å eige bustad har auka i dei fleste kommunar i Møre og Romsdal. For ein «vanleg» sjølveigarbustad, av SSB definert som ein bustad på 120 kvadratmeter, har summen av kommunale gebyr i snitt for Møre og Romsdal auka med 18 prosent i perioden 2020-2023. Endringane varierer kraftig mellom kommunane i fylket. I Kristiansund auka gebyra med 40 prosent i same periode, mens dei minka med 8 prosent i Ålesund.