16. Samferdsel

Dekkelegging

Mindre asfaltering på fylkesvegane i 2023

Det vart lagt 123 km asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2023. Det er cirka 3000 km fylkesveg i Møre og Romsdal, i tillegg til 184 km fylkeskommunale gang- og sykkelvegar. Om lag fire prosent av fylkesvegnettet fekk dermed nytt asfaltdekke i 2023.

Fylkeskommunen utfører målingar av vegdekke på fylkesvegane kvart år. Dekketilstanden blir kategorisert i to grupper på grunnlag av vegdekkemålingane: tilfredsstillande eller dårleg/svært dårleg tilstand.

Dekketilstanden har vore relativt stabil dei siste tre åra. 63 prosent av fylkesvegdekket er tilfredsstillande i 2023. Statistikken for 2020 er usikker fordi vegdekke-målingar vart gjort på berre 74 prosent av fylkesvegnettet i 2020 mot 99,5 prosent i 2023. Men framleis har vel ein tredel av fylkesvegane ikkje tilfredsstillande dekke.

Figur 2 viser asfaltering av dekke på fylkesveg i kilometer for åra 2019-2023. Figuren viser ein positiv trend når det gjeld asfaltering av fylkesveg fram til 2023. Asfalteringa på fylkesveg blei kraftig redusert i 2023 samanlikna med dei to føregåande åra. Figur 3 viser kva parsellar (strekningar) på fylkesvegnettet som vart asfaltert i 2023.

Estimert årleg behov for dekkelegging (asfaltering) er i storleiken 200 mill. kroner for å stoppe forfallet og snu den negative trenden. Rekneskapen viser at fylkeskommunen brukte om lag 121 mill. kroner ekskl. meirverdiavgift til dekkelegging (asfaltering og vegoppmerking) av 107 km fylkesveg i 2023. Vegoppmerking utgjorde 7,5 mill. kroner av dette beløpet.

Indikator for vegdekke:

  • prosentdel av fylkesvegnettet med tilfredsstillande vegdekke i 2023: 63
Forrige tema:
Neste tema: