8. Kultur

Kulturindeks

Kultur er også næring

Verdiskaping innan kulturell og kreativ næring er eit viktig utviklingsgrep for vekst, verdiskaping og utvikling av nye arbeidsplassar i fylket.

I 2023 brukte Møre og Romsdal fylkeskommune 397 kroner per innbyggar til kulturformål. Dette er 16 prosent høgare enn gjennomsnittet i landet, men likevel under middels av fylka, sjå også figurar og tabell. Den største delen av utgiftene gjekk til kunstformidling (36 prosent), på andre plass kjem musea (26 prosent). Etter to toppår i 2016 og 2020, var den prisjusterte finansieringa frå Møre og Romsdal fylkeskommune til kultur lågare i 2023 enn ho var i 2015.

Talet på sysselsette i kulturell og kreativ næring i fylket viser derimot ein svakt stigande tendens frå 2017 og fram til 2023, slik det kjem fram i figuren. Kulturindeksen deler kulturell og kreativ næring i privat og offentleg sektor inn i fem kategoriar, desse er (1) kulturproduksjon, (2) kulturformidling, -sal og -undervising, (3) bibliotek, (4) design, arkitektur og reklame og (5) media. Sjølv om det er ei stigning i talet på sysselset innan desse yrka, låg Møre og Romsdal framleis på nest siste plass blant alle fylka i 2023 når det kom til sysselsette innan kulturell og kreativ næring per innbyggar. Møre og Romsdal hadde 9,7 sysselsette per 1 000 innbyggarar innan denne næringa. Snittet for heile landet var 17,1. Verdiskapinga i kulturell og kreativ næring i fylket var i 2021, som er siste tilgjengelege tal, på 1,1 milliardar kroner. Per innbyggar er det òg nest lågast blant fylka. Verdiskaping og bransjeutvikling innan kulturell og kreativ næring er derfor eit viktig utviklingsgrep for vekst og utvikling av nye arbeidsplassar i fylket. For å stimulera denne næringa, vedtok Kultur-, næring og folkehelseutvalet i 2021 ei satsing for mellom anna å styrke kunstnarøkonomien, for å styrke verdiskaping, sysselsetting, nyskaping og innovasjon i bransjen, og for å bygge kompetansemiljø. Dette har blitt følgt opp med målretta tilskot i 2022 og 2023.

Kjelde: Norsk kulturindeks 2023, kapittel 2.2 Fylkeskommunale utgifter til kultur og Kapittel 3.2 Kulturell og kreativ næring.

Forrige tema:
Neste tema: