Oppnår målet om 55 prosent reduksjon i CO2-utslepp fire år før tida
Møre og Romsdal fylkeskommune har eit langsiktig mål om å vere pådrivar for å løyse klima- og miljøutfordringane. Utviklingsmålet blir støtta opp av fylkesplanmåla. Eit av desse måla er å redusere klimagassutsleppa i tråd med det nasjonale målet om 55 prosent innan 2030.
I perioden 2019 til 2023 vart CO2-utsleppet i den fylkeskommunale verksemda redusert med 30 632 tonn CO2-ekvivalentar, noko som utgjer over 34 prosent.
Berre i 2023 har den fylkeskommunale ferjedrifta redusert dieselforbruket sitt med nesten 10,9 millionar liter diesel samanlikna med 2019. Status for 2023 er at sju av ti samband allereie er elektrifisert, medan dei tre siste sambanda kjem i løpet av 2024. Når alle sambanda er elektrifisert, vil Møre og Romsdal fylkeskommune ha totalt seksten fartøy som seglar med hybridelektrisk framdrift.
Isolert for dei fire sambanda som blei elektrifisert i 2022 (Årvik–Koparneset, Kvanne–Rykkjem, Seivika–Tømmervåg og Edøya–Sandvika) reduserte dei dieselforbruket sitt med over 70 prosent samanlikna med 2019.
I perioden 2019 til 2023 blei dieselforbruket totalt for buss, hurtigbåt og ferje redusert med 11,9 mill. liter. Den totale årlege ruteproduksjonen har i same periode vore relativt uendra, sett bort frå justeringar i samband med opning av Nordøyvegen, nedlegging av hurtigbåten på Romsdalsfjorden samt auka kapasitet på Seivika–Tømmervåg og ekstra fartøy på Edøya–Sandvika.
Batteriteknologien er i stadig utvikling, med potensielt fleire moglegheiter innanfor elektrifisering av hurtigbåtruter. Difor er det allereie avgjort at Kystekspressen skal ha hybridelektrisk framdrift frå slutten av 2024, med ein potensiell hybridgrad opp imot 70 prosent.
Elektrifisering av kollektivtransporten i Møre og Romsdal er eit omfattande og langsiktig arbeid, kor det allereie ligg tidfesta planar fram i tid for vidare elektrifisering, slik at ein vil nå målet om 55 prosent reduksjon allereie i 2026.