Ytterlegare nedgang i salet av bustadar
Det vart omsett 164 færre bustadar i 2023 enn i 2022. Det gir nedgang i omsetnadar av bustadar på -3,9 prosent. Nedgangen i bustadmarknaden held med andre ord fram, sjølv om nedgangen frå 2022 til 2023 ikkje er like stor som nedgangen frå 2021 til 2022. Frå 2021 til 2022 gjekk talet på selde bustadar ned med -364 bustadar eller 8,2 prosent.
Nedgangen i bustadsalet i 2022 og 2023 er nok i stor grad påverka av dei mange rentehevingane i løpet av desse to åra. Den høge renta, saman med høg prisvekst på varer og tenester, har gjort at mange har fått ein strammare økonomi. Dette har nok vore med å påverke bustadsalet og redusert bygginga av nye bustadar.
I den enkelte kommune i fylket vil tilbodet av bustadar ha mykje å seie for salet av bustadar frå år til år. Her vil talet på nye einebustadar og ferdigstilling av større leilegheitskompleks ha mykje å seie for talet på omsetnader. Særleg i dei små og mellomstore kommunane som har ein liten bustadmarknad, vil dette ha mykje å seie for talet på omsetnader det enkelte år.
Høgast bustadprisar i Molde og Ålesund
Det er i Molde og Ålesund bustadprisane er høgast. I Molde var den gjennomsnittlege kjøpesummen per omsetnad i 2023 på 4 265 460 kroner, til samanlikning var kjøpesummen 3 939 965 kroner i Ålesund. Lågast gjennomsnittleg kjøpesum for bustadar var det i Sande kommune med 1 607 727 kroner.
Nedgang i salet av fritidseigedomar
Etter stor etterspurnad og sal av fritidseigedomar under Covid-19 pandemien, gjekk salet av fritidsbustadar mykje ned i 2022. Salet av fritidseigedomar gjekk ned i fylket med -202 einingar samanlikna med 2021. Det vart då selt 418 fritidsbustadar mot 620 fritidsbustadar i 2021, ein nedgang på heile -32,6 prosent. I 2023 vart det seld 394 fritidsbustadar, ein nedgang frå 2022 på -25 fritidsbustadar. Marknaden har med andre ord stabilisert seg etter eit unormalt høgt sal under den første delen av pandemien. Salet av fritidsbustadar er nok på same vis som bustadmarknaden, påverka av den sterke renteoppgongen og prisauken elles i samfunnet.