11. Helse og levekår

Dyrtid og økonomisk sosialhjelp

Auke i utbetalingar av sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels økonomisk støtte som innbyggarane kan søke kommunen (NAV) om, og som skal dekke nødvendige utgifter til å leve og bu. Den som ikkje kan sørge for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller andre inntektsgivande ordningar (til dømes trygd), har krav på økonomisk stønad.

Tal på personar som får økonomisk sosialhjelp i Noreg gjekk ned frå 2019. I 2022 var det første gong på fire år at talet på sosialhjelpsmottakarar auka kraftig. I 2022 og 2023 kom eit historisk høgt tal flyktningar frå Ukraina. Dette er hovudårsaka til ein sterk auke i sosialhjelpsutgifter og i talet på sosialhjelpsmottakarar i dei same åra.

Det er grunn til å tru at også pandemien har hatt noko å seie for utviklinga i sosialhjelpstala. Den etterfølgjande prisveksten, auka renter og generelt auka utgifter til livsopphald for fleire i befolkninga, er også med på å påverke tala.

I 2023 har talet på sosialhjelpsmottakarar auka med 16,4 prosent frå året før på landsbasis. Samtidig har summen av utbetalingane stige med 32 prosent. Det er ein uvanleg stor auke samanlikna med tidlegare år.

I Møre og Romsdal gjekk talet på sosialhjelpstilfelle opp frå 5 331 i 2022 til 6 756 i 2023. Auken sest i samanheng med den kraftige veksten av ukrainske flyktningar, men gjeld også andre grupper.

Tala viser også ein auke i sosialhjelpsmottakarar som er i heil- eller deltidsjobb. Den høge prisveksten kombinert med store renteaukar gjorde at mange hushald fekk nedgang i realinntekta og trongare økonomi. Tala viser at det har vore ein auke på 1 700 nye sosialhjelpsmottakarar blant dei som er i heiltidsjobb, noko som svarer til ein vekst på 19 prosent. Auka renteutgifter gjer at mange som før har klart å betene bustadlånet sitt ikkje klarer det lenger. Auka levekostnader har ført til at fleire som har klart seg akkurat, ikkje lenger får det til å gå rundt. Likevel er det førebels få som har fått så store økonomiske vanskar at dei har byrja å få sosialhjelp. Den høge sysselsetjinga i 2022 og 2023 bidreg til å dempe behovet for sosialhjelp.

I Møre og Romsdal har talet på sosialhjelpstilfelle som har arbeidsinntekt som hovudinntektskjelde også auka, frå 700 personar i 2022 til 846 personar i 2023. Auka levekostnader og høgare buutgifter har medført ei bekymring for at fleire mottakarar av trygdeytingar lever i fattigdom.

Forrige tema:
Neste tema: