4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter sektor

Svak vekst i delen sysselsette som arbeider i offentleg sektor

I 4. kvartal 2023 var 84 085 personar sysselsette i offentleg sektor i fylket, det utgjer 32,3 prosent av alle sysselsette. Delen av dei sysselsette som hadde sitt virke i offentleg sektor auka frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023, med 0,2 prosentpoeng. Nasjonalt var delen sysselsette i offentleg sektor på 31,5 prosent i 4. kvartal 2023, ein auke på 0,2 prosentpoeng frå 2022. Utviklinga i delen offentlege tilsette i fylket følger med andre ord den nasjonale utviklinga.

Den generelle veksten i talet sysselsette var på 0,7 prosent frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Veksten i sysselsettinga i offentleg sektor er altså svakare enn den generelle veksten i sysselsettinga. Tilsette i kommunane utgjer den største gruppa, i 4. kvartal 2023 var 28 879 personar sysselsett i kommunane. Kommunane leverer tenester på ei lang rekke område, og nye oppgåver blir stadig pålagt dei frå nasjonale myndigheiter.

Det er i kommunane Volda og Tingvoll at størst del av dei sysselsette arbeider i offentleg sektor. I Volda skuldast dette at det er lokalisert både sjukehus, høgskole og ein vidaregåande skole i kommunen, i tillegg til dei ordinære kommunale tenestene. I Volda og Tingvoll er delen som er tilsett i offentleg sektor på 46,8 prosent og 43,2 prosent. Samansettinga av arbeidsmarknaden i den enkelte kommune er sjølvsagt avgjerande for korleis arbeidsplassane fordeler seg mellom offentleg og privat sektor.

Få statlege arbeidsplassar

I Møre og Romsdal var 8,5 prosent av alle sysselsette i 4. kvartal 2023, statleg tilsett. Det er berre i Rogaland ein mindre del av dei sysselsette jobbar i staten, med 7,6 prosent av alle sysselsette. Ser vi alle fylka under eitt er det i snitt 11,6 prosent av dei sysselsette som jobbar i staten. Det er i Troms og Finnmark størst del av dei sysselsette jobbar i statlege stillingar, med 17,8 prosent av alle sysselsette. Fleire statlege stillingar ville gitt Møre og Romsdal fleire stillingar med behov for høgskuleutdanning og bidratt til større variasjon i arbeidsmarknaden i fylket.

Forrige tema:
Neste tema: