Molde og Fjord er dei beste friluftslivskommunane i Møre og Romsdal
Forum for natur og friluftsliv (FNF) Møre og Romsdal har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd eit friluftsbarometer. Barometeret skal gi ein peikepinn på i kva grad kommunane legg til rette for friluftsliv. Molde fekk 73 poeng, og vart dermed kommunen med flest poeng i målinga basert på 10 indikatorar relatert til friluftsliv. Molde skåra mellom anna høgt på utlånsordningar av friluftsutstyr og at dei har fullført plan om friluftslivets ferdselsårer.
Med 63 poeng kom Fjord kommune på andreplass i friluftsbarometeret. Vestnes og Rauma følgjer tett etter med 62 poeng på delt tredjeplass.
Målinga viser at dei fleste kommunane samla seg rundt ein middelverdi med små skilnadar. Under enkelte indikatorar kjem skilnadane meir tydeleg fram. Haram vart eigen kommune frå 1.1.2024 og manglar derfor reelle målingar på nokre indikatorar.
Aukra har ni meter gang- og sykkelveg per innbyggar
Gang- og sykkelvegar er viktige for trygg tilkomst og nærfriluftsliv for alle. Det er i snitt fire meter gang- og sykkelveg per innbyggar i Møre og Romsdal. Aukra har 9,4 meter gang- og sykkelveg per innbyggar, medan Tingvoll kommune har 7,2 meter per innbyggar. Av dei tre største byane i fylket har Molde mest gang- og sykkelveg per innbyggar med 5,5 meter.
Vestnes har flest statleg sikra friluftsområde per innbyggar
Statleg sikring er eit verktøy for å sikre tilgjengeleg friluftsareal for alle. I Møre og Romsdal har Ålesund flest statleg sikra område (23) etterfølgd av Kristiansund (16), Molde (15) og Vestnes (14). Målt i dekar har Molde størst areal med statleg sikring (13 822da). Vestnes har flest statleg sikra område per innbyggar (1,96 per tusen innbyggarar). Totalt er det 156 statleg sikra område i Møre og Romsdal.
Tusen dekar mindre tilgjengeleg strandsone på tre år
Møre og Romsdal mista 1 051 dekar potensielt tilgjengeleg strandsoneareal i perioden 2020-2023. Det tilsvara 0,26 prosent av fylket sin totale strandsone. Mest areal har forsvunne frå Ålesund kommune, der det no er 133 dekar mindre strandareal til allmenn bruk enn for tre år sidan. Herøy kommune har mista 124 dekar. Kommunane Hareid, Stranda og Giske har tapt om lag fire dekar kvar i same tidsrom.
Ein femtedel av innbyggarane i Aukra, Gjemnes og Tingvoll går Stikk UT!
I Møre og Romsdal går 15 prosent av innbyggarar Stikk UT! Stikk UT! er dermed det viktigaste folkehelsetiltaket i fylket. Tal for aktive brukarar av Stikk UT! sommaren 2023 viser at 21,9 prosent av innbyggarane i Aukra går Stikk UT!. Gjemnes og Tingvoll følger tett på med 19,6 og 19,1 prosent aktive Stikk UT-brukarar, altså nær ein av fem innbyggarar.
5,1 prosent av innbyggarar nytta Stikk UT! vintersesongen 2023/2024. Vanylven låg på topp med 6,7 prosent aktive brukarar. Stikk UT! er organisert av friluftsråda, der alle kommunane i fylket no er medlemmar.
22 kommunar i fylket har utlånsstad for friluftsutstyr
Tilgang til lån av utstyr gjer at fleire kan drive friluftsaktivitet. I Møre og Romsdal er det 28 utlånsstadar for friluftsutstyr. Dette gjeld gratis utlån som privatpersonar kan nytte seg av. Kommunane Molde, Ålesund og Sula har tre utlånsstadar kvar. Sande, Hareid, Gjemnes, Tingvoll, Smøla og Aure har ingen slike utlånsstadar, medan dei andre kommunane har ein eller to utlånsstadar.