15. Bustadmarknaden

Igangsette og fullførte bustadar

Nedgangen i bustadbygginga held fram

Det var ein nedgang i igangsette bustadar frå 2021 til 2022 på -68 bustadar. I 2023 var det igangsett 914 bustadar, ein reduksjon på -137 bustadar eller -13,0 prosent frå 2022. Vi ser den same trenden nasjonalt med eit sterkt fall i talet igangsette bustadar i 2023, samanlikna med 2022. I 2023 vart det i Noreg igangsett bygging av 22 778 bustadar, ein nedgang på –6 949 bustadar eller -23,4 prosent frå 2022.

Med små bustadmarknader i mange av kommunane i fylket, vil talet på igangsette bustadar variere frå år til år. I 15 av kommunane i fylket var det ein nedgang i talet på igangsette bustadar frå 2022 til 2023. Av dei tre største byane var det berre Molde som hadde ein auke i talet på igangsette bustadar frå 2022 til 2023, med ein vekst på 142,6 prosent. Det må leggast til at det i Molde vart igangsett bygging av få bustadar i 2022. Størst prosentvis vekst i talet igangsette bustadar var det i Hustadvika kommune med ein vekst på 366,7 prosent frå 2022 til 2023. Hustadvika hadde òg svært få igangsette bustadar i 2022, så den prosentvise veksten blir stor når ein samanliknar 2023 mot bygginga i 2022.

Flest rekkehus bygd i fylket dei siste åra

I perioden 2019-2023 var det flest bueiningar i rekkehus som vart bygd i fylket. I dette tidsrommet var det fullført 1 955 bueiningar i rekkehus, til samanlikning var det i same periode bygd 1 601 einebustadar.

Samla for heile fylket vart det i åra 2019-2023 fullført 5 372 bustadar. Til samanlikning var det i 5-årsperioden 2018-2022 bygd 5 685 bustadar. I perioden 2019-2023 var det altså ein reduksjon på -313 fullførte bustadar samanlikna med åra 2018-2022. I dei minste kommunane er det einebustader det blir bygd mest av. I byane og dei store tettstadane er rekkehus og blokker dei viktigaste bustadformane. Dette kjem mellom anna som eit resultat av behovet for fortetting og effektiv bruk av knappe arealressursar i mange byar og tettstadar.

Forrige tema:
Neste tema: