17. Kommuneøkonomi

Sektorvis netto driftsutgifter

Mest til helse og omsorg

Gjennomsnittstalet for kommunane i Møre og Romsdal, og for alle kommunane i landet utan Oslo, viser små variasjonar i kor mykje av utgiftene kommunane disponerer i dei ulike sektorane. Tala på kommunenivå varierer meir.

Sektoren som kommunane disponerer mest midlar innanfor er til helse og omsorg. Ei aldrande befolkning på sikt vil føre til at behovet for kommunale helse -og omsorgstenester vil auke. Over tid har det vært ein auke i ressurskrevjande helse, pleie- og omsorgstenester, særleg til yngre personar. Denne utviklinga legg eit stort press på helse- og omsorgssektoren. Den nest største sektoren er grunnskolen, følgt av barnehagesektoren. Saman står desse tre sektorane for om lag 65 prosent av kommunane sine brutto driftsutgifter.

Meir informasjon om kommuneøkonomi finn du i Statsforvaltaren i Møre og Romsdal sin årelege rapport om «Utviklinga i kommuneøkonomien».

Forrige tema:
Neste tema: