16. Samferdsel

Vedlikehald, bruer

Mange bruer treng rehabilitering/fornying

Det er 857 kjørebruer på fylkesvegnettet i Møre og Romsdal. Desse bruene blir forvalta i tråd med det nasjonale regelverket for bruforvaltning på fylkesvegane i Møre og Romsdal.  

Delen bruer med svært alvorleg skade eller mangel er tre prosent i 2023, ifølge figur 1. Dette er skader som truar bereevna til brua, eller tryggleiken til trafikantane som bruker brua. Desse 28 bruene bør utbetrast innan 1-3 år. Vegeigar vil utføre tiltak på bruer som kan vere ei fare for liv og helse.

Regelverket som gjaldt frå rundt 1960 til 1990, la til grunn ei levetid for bruer på 50-60 år. Figur 2 viser at 60 prosent av fylkesvegbruene i Møre og Romsdal vart bygd i dette tidsrommet. Kravet om 100 års levetid for bruer kom rundt 1990. Dette førte til strengare krav til betong og overdekking over armeringa i betongbruer.

Betongbruer som kryssar sjø, får ofte omfattande skadar. Figur 3 viser at over femti prosent av det samla talet brumeter bygd i perioden 1960-1990 går over fjord/sund. Det er difor behov for omfattande vedlikehald eller utskifting av bruer dei næraste åra.

Fylkeskommunen utfører mange hovudinspeksjonar og enkeltinspeksjonar av bruer på fylkesvegnettet kvart år (figur 4). Også ferjekaier og tunnelportalar vert inspisert. Desse inspeksjonane skjer i samsvar med det nasjonale regelverket for bruforvaltning.

Indikatorar for vegbruer på fylkesveg:

  • tal vegbruer med svært alvorleg skade/mangel: 28 av 857
  • tal vegbruer med alvorleg skade/mangel: 113 av 857
Forrige tema:
Neste tema: