18. Personinntekt

Personinntekt

Sterkare inntektsvekst i Møre og Romsdal

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal var i 2022 på 523 500 kroner, ein auke på 10 300 kroner frå 2021. Nasjonalt var den gjennomsnittlege bruttoinntekta på 550 900 kroner i 2022. Inntekta nasjonalt har stige med 4 500 kr frå 2021 til 2022, ein svakare vekst enn i Møre og Romsdal. Det gjer at inntektsgapet i Møre og Romsdal sett i forhold til landet elles blei mindre. I 2022 utgjer den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal 95 prosent av det nasjonale snittet mot 93,9 prosent i 2021.

Av kommunane var det i Giske den gjennomsnittlege inntekta var størst i 2022 med 570 700 kroner, nærare 50 000 kroner meir enn snittet for fylket. Den gjennomsnittlege bruttoinntekta er lågast i Volda med 467 700 kroner i 2023.

Menn tener langt meir enn kvinner

Kvinner si gjennomsnittlege bruttoinntekt i Møre og Romsdal utgjorde 68,1 prosent av menn si inntekt i 2022. Ser vi heile landet under eitt tente kvinner 70,5 prosent av menn si gjennomsnittlege bruttoinntekt. Kvinner tener med andre ord litt mindre i forhold til menn i Møre og Romsdal enn for landet elles. Sjølv om det er langt igjen før inntektsforskjellane mellom kvinner og menn er utjamna, har kvinnene si inntekt dei siste tiåra auka mykje i forhold til menn si inntekt. I 1993 tente kvinner i Møre og Romsdal 54,6 prosent av menn si bruttoinntekt, men snittet nasjonalt var 57,6 prosent. Det er i Troms og Finnmark kvinnene har høgast inntekt samanlikna med menn, der tente kvinnene 77,3 prosent av mennene si inntekt i 2022. Det er berre i Rogaland at kvinner tener mindre i forhold til menn enn i Møre og Romsdal. I 2022 tente kvinner i Rogaland 64,9 prosent av menn si gjennomsnittlege bruttoinntekt.

Det er nok fleire årsaker til lønsgapet mellom kvinner og menn. Vi veit at fleire kvinner arbeider deltid og fleire kvinner er tilsett i offentleg sektor enn menn. I tillegg er fleire menn enn kvinner tilsett i næringar der det tradisjonelt har vore godt betalte jobbar, olje- og fiskerinæringa kan vere døme på slike næringar.

Forrige tema:
Neste tema: