4. Sysselsetting og næringsliv

Næringsstruktur

Vekst i talet sysselsette

Det var vekst i talet på sysselsette i Møre og Romsdal frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Det vart 976 fleire sysselsette i denne perioden, noko som gir ein vekst på 0,7 prosent. I 4. kvartal 2023 var det sysselsett 132 757 personar i fylket. Veksten i sysselsettinga i Møre og Romsdal er litt svakare enn veksten for landet som heile. Nasjonalt auka talet sysselsette i denne perioden med 27 187 personar eller 1,0 prosent. Det var i 4. kvartal 2023 sysselsett 2 845 307 personar i Noreg.

I perioden 2019-2023 vaks talet på sysselsette i fylket med 3 906 personar eller 3,0 prosent. I same periode vaks talet sysselsette nasjonalt med 134 870 personar eller 5,0 prosent. Veksten i denne perioden var med andre ord svakare i Møre og Romsdal enn snittet for landet.

Sysselsettinga etter næring skil seg litt i Møre og Romsdal frå landet elles. I Møre og Romsdal har vil til dømes 25,6 prosent av dei sysselsette som arbeider i industrien mot 19,6 prosent nasjonalt. På landsbasis er 38,1 prosent av arbeidstakarane tilsett i servicenæringa, til samanlikning er 31,2 prosent av arbeidstakarane tilsett i denne næringa i Møre og Romsdal. Det er òg ein større del av dei sysselsette i fylket som arbeider i næringane jordbruk, skogbruk og fiske enn i landet elles, med 4,2 prosent mot 2,3 prosent nasjonalt. Næringsstrukturen varierer i den enkelte kommune i fylket, til dømes er 29,0 prosent av dei sysselsette i Smøla tilsette i næringane jordbruk, skogbruk og fiske. Til samanlikning er berre 1,0 prosent av dei yrkesaktive tilsett i desse næringane i Ulstein.

Nedgang i sysselsettinga i fleire næringar

Trass i ein samla vekst i sysselsettinga var det fleire næringar i fylket som hadde ein reduksjon i talet på sysselsette frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Med ein nedgang på -5,7 prosent, var den prosentvise nedgangen størst i næring for Bergverksdrift og utvinning. Talet på tilsette i denne næringa vart redusert med 134 personar frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Næringane Elektrisitet, vann og renovasjon, Varehandel, reparasjon av motorvogner og Overnattings- og serveringsverksemd hadde òg ein reduksjon i talet på sysselsette i denne perioden. Av desse næringane var reduksjonen i talet på sysselsette størst i næringa Varehandel, reparasjon av motorvogner, med ein nedgang på -144 sysselsette.

Størst prosentvis vekst var det i næringa Finansiering og forsikring med 5,7 prosent fleire sysselsette. Talet på sysselsette vaks mest i næringa Helse- og sosialtenester, der det frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 vart 578 fleire tilsette.

Forrige tema:
Neste tema: