4. Sysselsetting og næringsliv

Fylkesfordelt næring

Lågare sysselsettingsvekst enn landsgjennomsnittet

Sysselsettinga auka i alle fylke frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023. Fylket med høgast sysselsettingsvekst var Vestfold, med ein vekst på 1,5 prosent. I 6 av fylka var veksten i sysselsettinga denne perioden på 1 prosent eller meir.

Lågast vekst i sysselsettinga var det i Troms med 0,1 prosent, følgt av Innlandet og Nordland som begge hadde ein vekst på 0,4 prosent i denne perioden. I Møre og Romsdal var veksten i sysselsettinga frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 på 0,7 prosent.

Nedgang i sysselsettinga i sekundærnæringane i tre fylke, men vekst nasjonalt

I Møre og Romsdal var det frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 vekst i sysselsettinga i alle næringane, forutan sekundærnæringa. I denne næringa var det ein nedgang i sysselsette på 0,6 prosent. Også Troms og Innlandet hadde nedgang i sysselsetting i sekundærnæringa med 2,6 og 0,6 prosent.

Landet samla hadde ein vekst i sekundærnæringane på 1,0 prosent, og størst var veksten i Akershus med 3,4 prosent. Omkring 49 000 er sysselsett i sekundærnæringa i Akershus, og rundt 53 000 i Oslo – mot ca 34 000 i Møre og Romsdal. Så sjølv om industri er ei stor næring i Møre og Romsdal, er det seks fylke som har fleire sysselsett i sekundærnæringane enn vårt fylke. Dette er med på å gjere konkurransen om arbeidskrafta til industrien i Møre og Romsdal utfordrande.

Forrige tema:
Neste tema: