19. Likestilling og demokrati

Likestillingsindeksen

Sakte framgang for kjønnslikestillinga

Gjennom tolv ulike indikatorar kartlegg SSB kvart år korleis det går med kjønnslikestillinga i landets kommunar. I 2023 (tala er frå 2022) skåra Møre og Romsdal lågare enn landsgjennomsnittet på ti av indikatorane.

Frå år til år er forskjellane ganske små, men over tid har enkelte av indikatorane hatt ei positiv  utvikling. Størst framgang har det vore i kjønnsfordeling blant leiarar, der Møre og Romsdal no nærmar seg landsgjennomsnittet. I 2012 var delen kvinner blant leiarar i Møre og Romsdal 32,2 prosent. Dette har auka til 37,5 prosent i 2022. Landsgjennomsnittet i 2022 var 38,0 prosent.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i Møre og Romsdal i 2022 var 197 800 kr lågare enn gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. I 2022 tente kvinnene i fylket 68,1 prosent av inntekta til menn, mot 63,6 prosent i 2012. Tilsvarande auke finn vi også nasjonalt der kvinner si lønn utgjorde 70,5 prosent av menn si inntekt i 2022. Kommunane Herøy og Giske kjem 3. og 4. nedst på kommunerangeringa i landet på inntekstforskjell mellom kjønn.

Ei forklaring på lønnsforskjellen er at det er langt fleire menn enn kvinner blant dei med aller høgast løn. Ein annan grunn, er deltidsarbeid. 40,1 prosent av kvinnene arbeidde deltid i Møre og Romsdal i 2022. Etter ein topp på 50,5 prosent i 2015, går no delen nedover, men Møre og Romsdal har framleis ein klart høgare del kvinner som arbeider deltid enn landsgjennomsnittet, som i 2022 var 35,4 prosent. SSB har laga ein eigen artikkel om kva som forklarar lønnsforskjellen mellom kvinner og menn.

Ein likestillingsfaktor som går i kvinners favør er delen som tek høgare utdanning. På ti år, frå 2012 til 2022, har delen kvinner med høgare utdanning gått frå 27,4 prosent til 37,0 prosent i Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet er tilsvarande auka frå 31,6 prosent til 41,6 prosent.

Kvinneandelen i kommunestyra er ein av indikatorane der Møre og Romsdal kjem dårlegast ut samanlikna med andre fylke. Indeksen frå 2023 tek ikkje med resultat av kommunevalet i 2023, den viser resultatet frå valet i 2019. Men forbetringa i 2023 var marginal. Sjå eigen artikkel i Fylkesstatistikk 2024 om kommunestyrevalet.

Privat sektor er mannsdominert

Hovudutfordringa for likestillingsarbeidet i Møre og Romsdal er, ifølge likestillingsindeksen, at vi har ein klart kjønnsdelt arbeidsmarknad. Det er eit tydeleg kjønnsskilje i jobbval, arbeidstid og løn. Kvinnene utgjer 74,9 prosent av dei tilsette i offentleg sektor og berre 32,8 prosent av dei tilsette i privat sektor i Møre og Romsdal. Denne forskjellen er uendra de siste ti åra.

Nasjonalt er kvinnandelen i privat sektor 36,6 prosent. Av kommunane i Møre og Romsdal er det berre Sykkylven kommune som ligger over landsgjennomsnittet. Lågast er delen i Sande kommune med 24,6 prosent kvinner i privat sektor. Dernest kjem kommunane Vanylven og Aure med 26,5 og 26,6 prosent.  

På fleire av indikatorane er det stor forskjell mellom kommunane i fylket. SSB har tilrettelagt ei eiga nettside der skåren for kvar kommune blir vist i kart.

Forrige tema:
Neste tema: