Sosial ulikskap i for tidleg død – kan forebyggast
Den nye rapporten "Sosiale ulikheter i for tidlig død: de kan unngås" (lenke) viser at dei sosiale skilnadane i dødelegheit i Noreg i første rekke finst for død av sjukdommar som kan forebyggast og/eller behandlast (omtalt som «unngåelege dødsfall»). For både kvinner og menn har tidelen med lågast inntekt omtrent fem gong så høg sannsyn for å døy tidleg av sjukdommar som kan forebyggast eller behandlast, samanlikna med tidelen med høgast inntekt. For sjukdomane det er vanskeleg å gjere noko med, er skilnadane marginale.
Samanstillinga støttar opp om eit viktig bodskap: sosial ulikskap i dødelegheit er samfunnsskapt og mogleg å gjere noko med, samtidig som det er eit politisk handlingsrom for å redusere dei sosiale skilnadane.
Forfattarane Heggebø og Van der Wel peikar på at å redusere sosiale skilnadar i helse krev ei heilskapleg tilnærming, då komplekse problem treng samansette løysningar. Dette inkluderar samarbeid på tvers av sektorar i folkehelsearbeidet på område som barns tidlege utvikling, skule og utdanning, arbeidsmarknad og -miljø, bustad og lokalsamfunn, samt deltaking, demokrati og inkludering. I tillegg er det særdeles viktig med meir forebyggande arbeid i helsetenestene. Rapporten er kortfatta og anbefalt lesing.
Auka sosiale skilnadar i forventa levealder
Jo høgare utdanning, jo lengre forventa levealder samanlikna med dei med lågare utdanning. Skilnaden i forventa levealder basert på utdanningsnivå har auka over tid og har vorte meir markant, både i Møre og Romsdal og i landet elles. Forventa levealder etter utdanning ved 30 års alder (berekna med 15 års gjennomsnitt for 2008-2022), er for dei som har grunnskule eller lågare som høgaste utdanning 81 år, for dei med høgaste utdanning frå vidaregåande skule 84 år, medan forventa levealder for dei med utdanning frå universitet eller høgskule er vel 86 år i fylket. Skilnaden mellom dei med høgaste og dei med lågaste utdanning var i 2008-2022 5,5 år, medan tilsvarande tal frå 1990-2004 var 3,9 år.
Foreldra sine utdanningsnivå påverkar gjennomføring i vidaregåande opplæring
Delen som gjennomfører vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal er to prosent høgare en landsgjennomsnittet. Det er likevel viktig å merke seg samanhengen mellom foreldras
utdanningsnivå og gjennomføring. Berre 60 prosent av dei med foreldre med grunnskule som høgaste utdanningsnivå gjennomfører vidaregåande opplæring. Oslo har høgast gjennomføringsprosent for denne gruppa med 66 prosent, medan Finnmark har klart lågast med 48 prosent.
Høgare gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring fører til personlege helsevinstar og fremmer sosial mobilitet, som kan vere med å bryte den negative sosiale sirkelen med låg utdanning og fattigdom for den einskilde. Samstundes fører det til ein betre utdanna arbeidsstyrke, noko som er essensielt for økonomisk vekst og innovasjon i regionen.
80 prosent av dei med foreldre som har vidaregåande skule som høgaste utdanning fullfører vidaregåande opplæring i fylket, noko som er tre prosent høgare enn resten av landet. Av dei med foreldre med universitets- eller høgskuleutdanning, fullfører 89 prosent vidaregåande opplæring, noko som er ein prosent høgare enn landssnittet.