Auka omsetning i detaljhandelen
Omsetninga i detaljhandelen (motorvogner er ikkje rekna med) i fylket var i 2023 på 38 230 millionar. Dette er ein auke på 783 millionar kroner eller 2,8 prosent frå 2022. Ser vi landet under eitt auka omsetninga i detaljhandelen med 2,7 prosent frå 2022 til 2023.
Detaljhandelen gjorde eit kraftig byks i 2020 samanlikna med 2019, både i Møre og Romsdal og i landet elles. Hovudårsaka til dette var Covid19-pandemien og dei sterke restriksjonane som vart innført på reiser. Grensehandelen mot Sverige fall heilt vekk i periodar og det same gjorde utanlandsreisene. Dette førte til at nordmenn brukte meir av pengane sine innanlands i lange periodar, noko som var gunstig for aktørar innanfor detaljhandelen.
Størst omsetning i detaljhandelen var det i Viken fylke, der det var omsett for 141 820 millionar kroner i 2023. Det er berre i Nordland og Troms og Finnmark som har lågare omsetning i detaljhandelen enn i Møre og Romsdal.
Nedgang i handel og reperasjon av motorvogner
I 2023 var det var ein nedgang i salet og reperasjonar av motorvogner i fylket. Omsetninga i næringsgruppe 45 «Handel med og reperasjon av motorvogner» var i 2023 på 13 299 millionar, ein nedgang på -525 millionar eller -3,8 prosent frå 2022. Vi ser same trenden nasjonalt med ein nedgang i omsetninga på -5,1 prosent. Nedgangen i 2023 kjem etter tre gode år, med sterk vekst i omsetninga. Omsetninga steig i fylket frå 9 341 millionar i 2019 til 13 824 millionar i 2022. Renteauken gjennom 2022 og 2023 er nok ein viktig årsak til nedgangen i salet av bilar og andre motorvogner i 2023. I tillegg til renteauken har det vore sterk prisstigning på mange varer og tenester i denne perioden, som har påverka økonomien til forbrukarane.