Kartlegging av frivillig sektor i fylket i 2024
Heile 3 162 frivillige lag og organisasjonar i fylket blei invitert til å delta i ei spørjeundersøking. I tillegg blei det gjennomført intervju med alle kommunane i fylket. Det er Telemarksforsking som gjennomførte denne kartlegginga på vegne av fylkeskommunen. Undersøkinga vart avslutta i august og er den mest omfattande som er gjort inn mot frivilligheita i fylket. Totalt var det 29 prosent av respondentane som svarte, noko Telemarksforsking meiner er ein solid svarprosent.
Målet med kartlegginga var å få betre innsikt i kva som kjenneteiknar frivilligheita i Møre og Romsdal og samspelet mellom frivillig og offentleg sektor. Kartlegginga vil gi kommunane og fylkeskommunen ei betre oversikt over frivilligheita og kva samfunnsnytte frivilligheita har. Håpet er at ho vil tene som kunnskapsgrunnlag for politiske prioriteringar og planar i åra som kjem. Kunnskapen skal mellom anna kunne gje kommunane i fylket eit grunnlag for korleis dei kan samarbeide betre med frivilligheita i sin kommune, men også for fylkeskommunen på eit regionalt nivå.
Tema i undersøkinga er mangfaldig, og nokon av hovudresultata er presentert. Endeleg rapport vil kome i slutten av 2024 i ein større rapport for heile fylket samt ein enkel rapport til kvar kommune.
Kven har deltatt i undersøkinga blant dei frivillige
Av organisasjonane som har deltatt i undersøkinga definerer 83 prosent seg som organisasjonar som jobbar lokalt, og 12 prosent som jobbar regionalt. 45 prosent av dei som svarte er frittståande lag/organisasjonar. 43 prosent er lokale ledd tilknytt ein større organisasjon/forbund. 6 prosent er regionale ledd tilknytt ein større organisasjon/forbund, mens 1,7 prosent er paraplyorganisasjonar med andre organisasjonar som medlemmar.
Meir utfordrande å rekruttere frivillige enn å rekruttere fleire medlemmar
Så mange som 73 prosent av organisasjonane synes det er vanskeleg/svært vanskeleg å engasjere medlemmar til å ta på seg valte tillitsverv i organisasjonen. Det viser seg at det er stor forskjell på å engasjere frivillige til valte verv i motsetning til frivillige til å gjennomføre aktivitetar. 39 prosent rapporterte at det var vanskelege/svært vanskeleg å få frivillige til å bidra til å gjennomføre aktivitetar. Det vil si at det er nesten dobbelt så vanskeleg å få frivillige til valte verv.
I spørsmål om kva grad dei opplevde enkelte hindringar i arbeidet med å engasjere frivillige til å bidra i ulike aktivitetar/oppgåver så var dei viktigaste hindringane: skepsis til å ta på seg tillitsverv, mangel på tid til å delta, skepsis til binde seg til ein fast aktivitet/oppgåve over tid, og at det vart for mykje arbeid.
På spørsmålet «Kor lett er det å rekruttere fleire medlemmar?», svarte 35,5 prosent av organisasjonane at det var vanskeleg og 7,6 prosent at det var lett/svært lett å rekruttere fleire medlemmar. Heile 52,1 prosent sa det var både lett og vanskeleg. Særleg organisasjonar innan helse/sosial, interesseorganisasjonar, idrett og natur synes det var vanskeleg.
Er utanforskap eit tema de arbeider spesielt med i organisasjonen?
Av alle organisasjonane svarte 56,8 prosent at dei jobbar generelt for å skape ein inkluderande arena. Blant dei som arbeider spesielt med utanforskap blant enkelte grupper, er det eldre (9,7 prosent), ungdom (9,6 prosent) og barn (9,6 prosent) som er mest vanleg. 35,8 prosent svarte nei på om dei jobba spesielt med utanforskap som tema.
Samarbeid med frivillige
Det er en del organisasjonar som har formelle samarbeidsavtalar med andre organisasjonar (27,3 prosent), kommunen (25,8 prosent) og næringslivsaktørar (24,9 prosent). Berre ein liten del av organisasjonane (14,1 prosent) utfører oppgåver på vegne av, eller i samarbeid, med ein eller fleire kommunar. Kommunane står over for store demografiske utfordringar i årene som kjem. Dette gir eit behov for eit enda tettare samarbeid med frivilligheita. Det er ein balansegang mellom kva som er kommunalt ansvar og kva frivilligheita kan og bør bidra med. 91 prosent av organisasjonane er einig i påstanden om at «Det er viktig at organisasjonen får bestemme kva dei skal drive med, utan offentleg innblanding».
Det som flest meiner hadde vore nyttig at kommunen bidrog med til frivilligheita, er hjelp til å søke midlar, samt tilrettelegging av møteplassar mellom kommunen og frivilligheita og mellom frivillige organisasjonar.
På spørsmålet om kommunen(e) har møteplassar de blir invitert på saman med andre frivillige organisasjonar, så svarer 48,4 prosent ja, 35,4 prosent nei, og 4,6 prosent at «ja, men dei blir ikkje invitert». Til samanlikning seier kommuneundersøkinga at 60 prosent har møteplassar.