9. Utdanning og kompetanse

Fagopplæring - Søkarar og formidling

God søking til fagopplæring

Til skoleåret 2024/2025 er det 1 234 søkarar til fagopplæring, dette er på nivå med førre skoleår då det var 1 231 søkarar som ønskte seg lærlingkontrakt. Flest søkarar er det til Teknologi- og industrifaga med 455 søkarar, ein oppgang på 14 søkarar frå skoleåret 2023/2024. Til Elektro og datateknologi var det 195 søkarar som er på nivå med søkinga dei siste tre skoleåra.

Til Helse- og oppvekstfaga er det 155 søkarar, dette er ein oppgang på 1 søkar frå førre skoleår. Det har vore ein nedgang i talet søkarar til dette fagområdet dei tre åra før dette. Til samanlikning var det 219 søkarar til Helse- og oppvekstfag, skoleåret 2020/2021.

Til utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk var det ein nedgang på 28 søkarar, frå 170 søkarar skoleåret 2023/2024 til 142 søkarar skoleåret 2024/2025. Ei byggenæring i motbakke kan vere ei av årsakene til at det er færre søkarar som ønsker seg lærlingkontrakt på dette fagområdet.

Ikkje alle elevar i yrkesfaga blir fagarbeidarar

Langt frå alle elevane i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma endar opp som fagarbeidarar. Mange avsluttar det yrkesfaglege utdanningsløpet etter Vg2 og tar påbygging til studiekompetanse i Vg3. Elevane går då ut med studiekompetanse og kan studere ved høgskolar og universitet. Helse- og oppvekst er eit av utdanningsprogramma der overgangen til Vg3 påbygg til studiekompetanse er stor. Frå skoleåret 2022/2023 til skoleåret 2023/2024 var det heile 47,6 prosent av elevane på Helse- og oppvekst, som søkte seg til Påbygging til studiekompetanse. På utdanningsprogrammet Sal, service og reiseliv var det 41,3 prosent av elevane på Vg2 skoleåret 2022/2023, som søkte seg til Vg3 påbygging til studiekompetanse året etter. Stor søking til yrkesfaga på Vg1 er med andre ord, for fleire av fagområda, ikkje ein garanti for at ein får mange nye fagarbeidarar.

Mangel på lærlingplassar ein flaskehals i utdanningssystemet

For få lærlingplassar innan fleire fagområde skapar ein flaskehals i utdanningssystemet. For mange søkarar til fagopplæringa stoppar utdanninga opp som følge av mangelen på lærlingplassar. I august 2023 var det 1 583 søkarar til fagopplæring, berre 80,2 prosent av desse hadde fått seg lærlingkontrakt på dette tidspunktet. I desember 2023 hadde 85,6 prosent av søkarar til fagopplæring teikna lærlingkontrakt. Til dømes var det berre 81,2 prosent av søkarane til fagopplæring i Helse- og oppvekstfaga, som hadde teikna kontrakt i desember 2023. Dette innanfor eit fagområde der mangelen på arbeidskraft er stor og vil auke i tiåra som kjem. Det er i Restaurant- og matfaga lågast del av søkarane har fått seg lærlingkontrakt. Berre 74,3 prosent av søkarane hadde i desember 2023 teikna kontrakt, med andre ord står kvar fjerde søkar i dette faget utan lærlingkontrakt.

Forrige tema:
Neste tema: