3. Arbeidsmarknad

Sysselsettingsgrad

Lite endring i sysselsettingsgraden

Sysselsettingsgraden seier noko om kor stor del av befolkninga som er i arbeid. I 2023 hadde 69,0 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal mellom 15-74 år inntekstgivande arbeid*. Dette skil seg lite frå landsgjennomsnittet som var 68,6 prosent. Andelen gjekk ned frå 2006 til 2016, for så å auke fram til korona-året 2020. Etter 2021 er sysselsettingsgraden omtrent uendra.

Både nasjonalt og i Møre og Romsdal er sysselsettingsgraden høgare hos menn enn kvinner. I fylket er sysselsettingsgraden hos menn 71,9 prosent mot 65,9 prosent hos kvinner.

Det er høgast sysselsettingsgrad i aldergruppa 40-55 år, her har 84,2 prosent inntektsgivande arbeid. Ganske mange unge mellom 15-19 år er sysselsatt, heile 47,7 prosent. Også blant dei mellom 67 og 74 år er det ein relativt stor del på 22,4 prosent som har arbeid.

Andelen sysselsette i arbeidsdyktig alder kan variere stort frå kommune til kommune, men generelt er sysselsettingsgraden høgare på Vestlandet og i Midt-Noreg enn på Austlandet og i Nord-Noreg. I Møre og Romsdal er det Hareid kommune som har lågast sysselsettingsgrad på 62,7 prosent, medan den er høgaste i Stranda kommune med 73,7 prosent.

Sysselsettingsgraden er til ein viss grad påverka av alderssamansettinga i befolkninga. Viss kommunen har ein relativ stor andel av befolkninga i aldersgruppa 15 til 25 år eller 67 til 74 år vil det resultere i ein lågare sysselsettingsgrad.

Les meir om befolkninga si tilknytning til arbeidsmarkedet på fylkeskommunen sine nettsider om kompetansebehov i Møre og Romsdal. Hos SSB kan de lese om kva de gjer dei som ikkje er i arbeid.

*Definisjonen av sysselsette er internasjonalt bestemt gjennom FN-organisasjonen ILO; Personar som har utført inntektsgivande arbeid av minst éin times varigheit i den uka SSB gjer målinga. I tillegg reknast personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fræværande grunna sjukdom, ferie, lønna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegongs militærteneste og personar på sysselsettingstiltak blir og rekna som sysselsette.

Forrige tema:
Neste tema: