Storm og vanninntrenging fører til flest skadar
Klimaendringane vil føre til kraftig nedbør og auka problem med overvatn, flaum, jord- og flaumskred, havnivåstiging og stormflod i Møre og Romsdal, ifølge Norsk klimaservicesenter. Meir ekstremvêr vil auke omfanget av skadar om vi ikkje tilpassar oss endringane.
I følgje Menon Economics kostar vêr- og naturfarerelaterte hendingar det norske samfunnet 5,5 milliardar kronar per år. Med dagens nivå på innsats for å redusere vêr- og naturfare, anslår dei at den årlege kostnaden vil auke til 19 milliardar i 2100. Menon Economics har også berekna at det kostar over seks gonger meir å reparere skadane i etterkant enn det kostar å forebygge og tilpasse oss klimaendringane i forkant.
Norsk Naturskadepool og Finans Norge har samla inn data om klimarelaterte skadar i Noreg frå forsikringsselskapa sidan 1980. 7 av dei 10 største naturhendingane i Noreg sidan 1980 har skjedd etter 2010. Det har vore store hendingar i tidlegare periodar også, men med lågare frekvens. I Møre og Romsdal hugsar ein enno Nyttårsstormen 1. januar 1992. Erstatningsutbetalinga den gangen var høgare enn det som er utbetalt etter «Hans» (KPI-justert). Den 30. juli 2023 blei Vistdal i Molde kommune hardt ramma av fleire store skred, som følgje av mykje nedbør. Ein person blei skadd og omkring 40 personar blei evakuert. Kostnaden på busetnad og innbu er på rundt 6 millionar kroner, noko som er lite samanlikna med skadane etter «Hans» same året.
Ei oversikt over samla erstatningsutbetalingar i Møre og Romsdal dei siste 10 åra viser at storm og vassinntrenging utanfrå står for dei største erstatningsutbetalingane. Dette utgjer samla sett over halvparten av utbetalingane, og med like stor del kvar. Deretter følgjer stopp i avløp/tilbakeslagsskade og frost.
Samla erstatningsutbetaling dei 10 siste åra, per kommune viser at dei vêrrelatert vasskadane er større enn naturskadane. På landsbasis har erstatning etter vassinntrenging og stopp i avløp/tilbakeslagsskader auka mykje dei siste åra og kostar no meir enn flaumskadar som blir rekna som naturskade. Etter som tida går kan erstatningsbeløp og tal på skadar bli noko endra, det gjeld spesielt for siste skadeåret, 2023. Brannskadar/elektrisk kortslutning gjeld berre skadar som følgje av lynnedslag.
Vil du lese meir? Sjå nettsidene til Finans Norge om natur- og vêrskadar. Der finn du òg lenke til naturskadestatistikk (NASK), vannskadestatistikk (VASK)og klimarapporten.
Omgrep
Naturskade: Forsikringsselskapa reknar skadar som er skulda direkte av storm, stormflod, skred, flaum, jordskjelv og vulkanutbrot som naturskade.
Vêrskade: Andre vêrrelaterte skader som ikkje er direkte skulda av dei over, blir ikkje rekna som naturskade. Det kan vere vêrrelaterte vasskadar, som til dømes vassintrenging utanfrå, stopp i avløp og frost.