Vekst i talet fagskoleelevar
Fagskoleutdanninga er ei høgare yrkesfagleg utdanning og bygger på ei fagutdanning i vidaregåande opplæring. Fag- og sveinebrev er i utgangspunktet grunnlaget for inntak på eit fagskoleutdanning, i tillegg kan personar med yrkeserfaring bli tatt inn på bakgrunn av ei realkompetansevurdering. Ved enkelte fagskoleutdanningar kan ein òg bli tatt inn som elev med generell studiekompetanse frå vidaregåande opplæring.
Våren 2024 var det 385 fagskolestudentar i Møre og Romsdal. Dette er ein oppgang på 15 elevar frå våren 2023, ein prosentvis auke i elevtalet på 4 prosent. Fagskolen i Møre og Romsdal, med avdelingar i Ålesund og Kristiansund, har det klart største fagskoletilbodet i fylket. Ved avdelinga i Kristiansund er det 130 elevar våren 2024, tilsvarande er det 215 elevar ved avdelinga i Ålesund. Fagskolen i Møre og Romsdal er eit offentleg tilbod i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune.
I tillegg til Møre og Romsdal fylkeskommune sitt fagskoletilbod er det 3 andre fagskoletilbod i Møre og Romsdal. Fagskolen i Viken har etablert ei tilbod med teknisk utdanning i Sunndal, tilbodet er etablert i samarbeid med Norsk Hydro. Tilbodet har 10 elevar våren 2024. Det er 15 elevar ved Folkeuniversitets Fagskole AS sitt tilbod i Ålesund. I tillegg til desse to tilboda har Ytre kunstfagskole 20 elevar våren 2024 på sitt fagskoletilbod, lokalisert i Ålesund.
Få kvinner tek fagskoleutdanning i fylket
Av totalt 385 fagskoleelevar i fylket våren 2024, er berre 50 av desse kvinner. Det gir ein kvinneandel på 13 prosent. Studietilbodet på den enkelte skole er nok avgjerande for andelen kvinner. Til dømes er det berre 5 kvinner som tek fagskoleutdanning ved Fagskolen i Møre og Romsdal avdeling Ålesund. Med eit studietilbod innanfor dei tekniske- og maritime faga er nok det hovudårsaka til dette. Ved fagskolen i Møre og Romsdal si avdeling i Kristiansund er det 30 kvinnelege elevar våren 2024, mange av desse er elevar på fagtilbodet psykisk helsearbeid og rusarbeid.