Stor variasjon i sysselsettingsutvikling i kommunane siste år
Frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 var det ein vekst i sysselsettinga i fylket på 0,7 prosent, noko som utgjer 973 fleire sysselsette. Sysselsettinga nasjonalt steig med 1,0 prosent i same periode. Frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2023 var det ein vekst i sysselsettinga i Møre og Romsdal på 4,2 prosent mot ein vekst nasjonalt på 6,1 prosent.
Frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 var det nedgang i sysselsettinga i 11 av kommunane i fylket. Størst prosentvis nedgang i sysselsettinga var det i Sykkylven med 5,6 prosent, ein nedgang på -210 sysselsette. I Sande kommune og i Averøy kommune gjekk sysselsettinga høvesvis ned med -4,5 og –4,2 prosent. Det gir ein nedgang i talet sysselsette på -55 i Sande kommune og -96 sysselsette i Averøy kommune.
12 kommunar i fylket hadde frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 høgare sysselsettingsvekst enn landsgjennomsnittet på 1,0 prosent. Størst prosentvis oppgang i sysselsettinga var det i Vanylven kommune og i Aukra kommune, med ein auke på 4,7 og 4,5 prosent. Det gir ein auke på 59 og 56 fleire sysselsette i desse kommunane.
Talet på sysselsette auka frå 4. kvartal 2022 til 4. kvartal 2023 med 669 sysselsette i Ålesund kommune. I Molde aukar talet på sysselsette i dette tidsrommet med 1 sysselsett, til samanlikning vaks talet på sysselsette i Kristiansund med 216.
Herøy høgast vekst i sysselsettinga siste tre åra
Frå 4. kvartal 2020 til 4. kvartal 2023 har veksten i talet sysselsette vore størst i Herøy kommune med 11,5 prosent eller 101 sysselsette. Størst prosentvis nedgang i sysselsettinga denne perioden har det vore i Smøla med ein nedgang på 7,2 prosent.
I dei tre største byane vaks talet på sysselsette i denne perioden med 561 i Kristiansund og 950 og 2 194 sysselsette i Molde og Ålesund. Ser vi heile fylket under eitt, vaks talet på sysselsette denne perioden med 5 363.