9. Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning / Utdanningsnivå

Ein liten nedgang i talet på studentar i fylket

I 2023 var det 9 962 studentar ved høgskolane/universitetet i fylket, ein liten nedgang frå 9 987 studentar i 2022. Vi skal ikkje lenger tilbake enn til 2018, då talet studentar ved høgskolane i fylket var nede i 8 482. Det har over fleire år vore vekst i talet på studentar i fylket.

Høgskolen i Molde hadde ein god vekst i talet på studentar frå 2022 til 2023. Talet på studentar steig frå 2 753 studentar i 2022 til 3 136 studentar i 2023, ein vekst på 383 studentar. Høgskolen i Ålesund (NTNU) hadde i same periode ein liten nedgang i talet på studentar, frå 2 544 studentar i 2022 til 2 381 studentar i 2023. Same utviklinga var det òg ved Høgskolen i Volda. Talet på studentar vart redusert til 3 854 studentar i 2023, ein nedgang på 213 studentar frå 2022. Høgskoletilbodet i Kristiansund har dei siste tre åra stabilisert seg på rundt 600 studentar. I 2023 var det 591 studentar ved høgskolesenteret mot 621 studentar i 2022.

Gapet mellom kvinner og menn med høgare utdanning aukar

I Møre og Romsdal aukar delen kvinner som tek høgare utdanning meir enn for menn. Gapet mellom kjønna sitt utdanningsnivå aukar som følge av dette. Delen menn med høgare utdanning var i 2023 på 25,2 prosent, ein auke på 0,3 prosentpoeng frå 2022. Tilsvarande auka delen kvinner med høgare utdanning frå 37,2 prosent i 2022 til 38,0 prosent i 2023, ein auke på 0,8 prosentpoeng. Ser vi tilbake til år 2000 var det 16,4 prosent menn og 17,6 prosent kvinner som hadde høgare utdanning. Det har skjedd store endringar dei siste tiåra i utdanningsnivået i befolkninga.

Oslo i ei særstilling

Utdanningsnivået i Oslo skil eg ut frå resten av fylka. Der hadde 55,7 prosent av befolkninga over 16 år høgare utdanning i 2023. Det høge utdanningsnivået i Oslo er med og dreg opp snittet for resten av landet. Det nasjonale snittet viser at 37,4 prosent av befolkninga over 16 år hadde høgare utdanning i 2023. Møre og Romsdal er av fylka med lågast utdanningsnivå, berre i Nordland og Innlandet er nivået lågare. I 2023 var det 31,5 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal som hadde høgare utdanning.

Forrige tema:
Neste tema: