16. Samferdsel

Trafikksikkerheit

Nedgang i talet på alvorlege trafikkulykker

I Møre og Romsdal vart 3 drepne og 24 hardt skadde i trafikken i 2023. Samanlikna med åra før viser det at den langsiktige trenden med ein nedgang i talet på alvorlege trafikkulykker heldt fram også i 2023. 24 hardt skadde på eit år er det lågaste talet vi har hatt siste 10 år, medan talet på drepne ligg på same nivå som dei tre siste åra. Nedgangen vi ser er i tråd med målkurva i «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på vei 2022-2025», som styrar mot maksimalt 19 hardt skadde/drepne i trafikken i Møre og Romsdal i 2030.

Over halvparten av trafikkulykkene med hardt skadde og drepne i Møre og Romsdal i 2023 skjedde på fylkesveg. Dei fleste av dei alvorlege ulykkene er utforkøyringsulykker, medan møteulykker er den nest største typen alvorlege ulykker.

Eit særtrekk ved ulykkene i vårt fylke i 2023, er at det er ein svært stor del alvorlege mc-ulykker. Av dei 27 hardt skadde og drepne var heile 11 av desse førar eller passasjer på moped/mc. Med tanke på kor lite av det totale transportarbeidet denne trafikkgruppa står for, så er dette eit svært høgt tal. Det er også ein auke i talet på alvorlege mc-ulykker i landet totalt sett, men ikkje i same grad som den vi ser i Møre og Romsdal.

I heile landet mista 110 personar livet i trafikken i 2023, medan 568 vart hardt skadd. Dette er ein liten nedgang frå året før, men framleis betydeleg høgare enn etappemålet i nullvisjonen om maksimalt 50 drepne og 350 drepne og hardt skadde i trafikken i Norge i 2030. Sjølv om talet på hardt skadde/drepne har gått ned, viser ulykkestala at det er viktig å halde fram med trafikktryggingsarbeidet for at den gode trenden skal halde fram. Dette gjeld både tiltak for betre vegar og vegvedlikehald, og det haldningsskapande trafikktryggingsarbeidet.

Forrige tema:
Neste tema: