Stranda er best i fylket til å ta vare på naturen
Dyr, plantar og heile økosystem blir utrydda i eit alt for høgt tempo. Arealendringar er den største påverkingsfaktoren, også i Noreg. Heile ni av ti artar er negativt påverka av at vi endrar levestadane deira. Øydelagt natur forverrar konsekvensane av klimaendringane, og klimaendringane forverrar naturøydelegginga.
Riktig arealforvalting er det viktigaste verkemiddelet for å stoppe tapet av natur og er avgjerande for å kunne nå klimamåla. Kommunane er myndigheit for nesten all forvalting av våre areal.
I Naturkampen for 2023 har Sabima rangert 356 kommunar i landet etter 29 indikatorar som seier noko om korleis kommunane tek vare på naturen. Samanlagt etter alle indikatorane er ni av kommunane i Møre og Romsdal rangert betre enn landsgjennomsnittet. Stranda kommune er best i fylket på ein 28. plass i landet. Heile nitten kommunar i fylket ligg under gjennomsnittet, og tolv kommunar i Møre og Romsdal er blant dei 25 prosent dårlegaste i landet. Vanylven og Ålesund ligg på den fjerde dårlegaste plassen av kommunane i landet etter denne rangeringa.
Når det gjeld å ha brukarar i Miljøvedtaksregisteret hevdar kommunane i Møre og Romsdal seg godt, og er nest best i landet. Miljøvedtaksregisteret gir alle fri tilgang til vedtak knytt til rovvilt, områdevern, utanlandske treslag, prioriterte artar og utvalde naturtypar. Kommunane pliktar å registrere sine vedtak her, og for å gjere det, må dei ha brukarar i registeret. At kommunane har brukarar i registeret er ei føresetnad for å følge regelverket om registrering, men det er ingen garanti for at dei med brukarar legg inn alle vedtak slik dei pliktar.
Klimabudsjett kan vere eit effektivt styringsverktøy for å følgje opp klima- og energiplanlegginga i kommunen. Eit klimabudsjett skal gje oversikt over utslepp av klimagassar i kommunen (i form av CO2-ekvivalentar) og vise korleis ein skal nå mål om reduserte utslepp gjennom tiltak. I tillegg skal det vise kven som er ansvarlege for iverksetting, rapportering og evaluering av klimatiltak
16 av 27 kommunar i Møre og Romsdal har ei eller anna form for klimabudsjett som del av budsjett og økonomiplana for 2024. Lenke til alle budsjetta ligg på denne sida, Årets digitale verkstad for klimabudsjett (statsforvalteren.no) I tillegg har Fjord og Stranda klimabudsjett utan at denne er tatt med i budsjett og økonomiplana. Deira klimabudsjett er likevel betre utvikla enn ein del av dei som har klimabudsjett som del av budsjett og økonomiplanen.