13. Miljø, klima og energi

Avfall frå hushald

Langt igjen til ein sirkulær økonomi

FNs berekraftsmål nummer 12 om ansvarleg forbruk og produksjon handlar om å gjere meir med mindre ressursar. I dag forbrukar vi meir enn kva naturen klarer å regenerere. Både enkeltpersonar og samfunnet må minske ressursbruken for å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar. Økonomisk vekst må skje utan at vi forbrukar naturressursane som om dei var gratis. Vi må over til ein sirkulær økonomi. Produkt må i størst mogleg grad nyttast gjennom deling og sameige, slik at ikkje alle treng å kjøpe inn og eige kvar for seg. Når ein må kjøpe eit produkt, må det vere god kvalitet og vare så lenge som mogleg, med moglegheit for reperasjon og til slutt resirkulering. Ein sirkulær økonomi handlar om å nytte ressursane som allereie er tatt ut best mogleg, og produsere eit minimum av avfall. Avfall som er uunngåeleg skal gå inn igjen i ny produksjon.

I Møre og Romsdal har mengda hushaldsavfall auka sidan 2015. Toppen var i covid19-åra med ei auke på 12 prosent frå 2015 til 2021. Avfallsmengda har gått ned igjen og ligg på 8 prosent meir avfall  i 2023 samanlikna med 2015. Delen avfall som går til forbrenning har minka frå 2016 til 2023, mens avfall til biogassproduksjon, kompostering og anna behandling har auka. Delen avfall til materialgjenvinning eksklusive biologisk behandling har auka litt frå 2016 til 2023, sjå figur.

I Møre og Romsdal blei 46 prosent av avfallet levert til materialgjenvinning i 2023. Det er litt over snittet i Noreg, men langt unna dei to beste fylka der 52 og 63 prosent av avfallet vart levert til materialgjenvinning. Det er også langt unna forpliktinga Noreg har gjennom EØS-avtala om at 50 prosent  av hushaldningsavfall skal gå til ombruk og materialgjenvinning innan 2020 og 65 prosent i 2035.

I Møre og Romsdal gjekk 108 tonn møblar til ombruk i 2023. Dette gir 0,4 kg møblar til ombruk per person i fylket. Rogaland er best i landet på ombruk av møblar med 993 tonn møblar til ombruk som ga 2 kg ombruk av møblar per person.

Definisjonar:

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i eit hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Materialgjenvinning: Ressursar i avfallet nyttast som råvarer i produksjon av nye produkt eller material.

Forrige tema:
Neste tema: