Høg klimarisiko i Møre og Romsdal
Klimaendringane vil føre til kraftig nedbør og auka problem med overvatn, flaum, jord- og flaumskred, havnivåstiging og stormflod i Møre og Romsdal, ifølge Norsk klimaservicesenter. Meir ekstremvêr vil auke omfanget av skadar om vi ikkje tilpassar oss endringane.
Norsk klimamonitor samlar inn og deler data om klimatilpassing i Noreg. Norsk klimamonitor rangerar norske kommunar etter kor utsette dei er for klimarisiko, basert på data frå NORADAPT. NORADAPT samanstiller data om klimaendringar, konsekvensar av klimaendringar og kor sårbart samfunnet er for negative verknader av klimaendringane. Dette blir sett opp mot kommunane sin innsats for å tilpasse seg klimaendringane. Samspelet mellom desse fire elementa gir eit bilde av klimarisikoen kvar kommune er utsett for.
I følge NORADAPT er Møre og Romsdal blant dei tre fylka som samla sett har høgast klimarisiko. Det vil seie at dei blir mest påverka av klimaendringane og samtidig har gjort minst for å tilpasse seg.
NORADAPT har og funne klimarisiko i kommunane i år 2100 basert på sine 17 indikatorar dei nyttar for å rangere kommunane.
Vil du lese meir? Sjå nettsidene til Norsk klimamonitor. Der finn du òg lenke til klimarangeringa, med fullstendig datasett. Data kan lastast ned og brukast fritt i samsvar med CC BY 4.0.
Omgrep
Klimatilpassing: Klimatilpassing inneber å forstå konsekvensane av at klimaet endrar seg, og sette i gang tiltak for å hindre eller redusere skade, men òg å utnytte moglegheitene som endringane kan føre til. Tiltak kan for eksempel vere å plassere bygg slik at dei ikkje blir råka av flaum eller stormflo i framtida. Det kan og vere å lage gode løysingar for at styrtregn skal kunne infiltrere i grunnen og følgje vatnets naturlege kretsløp som positive element i tettbygde område, framfor å legge det i røyr.
Klimarisiko: Klimarisiko er risiko for skadar eller tap som følgje av klimaendringar. NORDADAPT bruker omgrepa klimafare, klimasårbarheit, eksponering og respons for å beskrive klimarisiko, og har laga indikatorar for å dekke nokre av aspekta desse omgrepa inneber. Indikatorane som er brukt er;
- Klimafare - råteindeks, flaumfare, stormflod og dagar med meir enn 30 cm snødekke
- Klimasårbarheit - befolkningstettleik, del sårbar befolkning, del sysselsatte i primærnæringane og lokal mobilitet
- Eksponering - data frå naturskadepoolen, ein for kvar av naturfarane storm, stormflod, flaum og skred. I tillegg kjem ein femte indikator for vasskadar etter styrtregn.
- Respons - lokale tiltak med statleg støtte, vurdering av klimarisiko i kommunal planlegging, eigne tiltak for klimatilpassing, berekraftinnretning av arbeidet med klimatilpassing