Fleire nyttar bussen, og reiser billegare
Totalt vart det registrert nærare 9,1 millionar reiser med buss i Møre og Romsdal i 2023. Dette er ei auke på 12 prosent samanlikna med 2022, og om lag det same nivået som i 2019. I og med at 2022 vart delvis prega av både korona og 2 månader med gratis buss, vil 2019 bli nytta til vidare samanlikning i artikkelen. Sett opp imot 2019 er det ein reduksjon i talet på registrerte skuleskyssreiser, medan det er 300 000 fleire betalande reiser som tilsvara ei auke på 5,4 prosent. I 2023 var det om lag 2,7 millionar registrerte skuleskyssreiser, som utgjer 30 prosent av alle registrerte bussreiser.
Med totalt over 2,6 millionar registrerte reisande med bybussane i Ålesund i 2023 utgjer desse 29 prosent av samla bussreiser i Møre og Romsdal. Bybussane i Molde står for om lag 8 prosent og i Kristiansund 5 prosent, medan resten er fordelt på distrikts- og langruter. I tillegg til at det i snitt var nærare 7 200 daglege reiser i Ålesund, auka reisetalet med 23 prosent samanlikna med 2019. Bybussane i Molde hadde ein liten nedgang på i underkant 4 prosent, og Kristiansund ein auke på 9 prosent.
På ein normal kvardag i september 2023 var det nærare 40 000 påstigande passasjerar i fylket. Det er bussavgangar mellom klokka 07.00 og 08.00 og klokka 14.00 og 15.00 som hadde flest passasjerar. 39 prosent av alle ordinære reiser og 75 prosent av skuleskyssreisene vart gjennomført innanfor desse timane. Samla sett var meir enn 52 prosent, eller nesten 21 000 reiser, innanfor desse avreisetimane.
Sjølv om det er billettinntekter på buss, dekker desse inntektene på langt nær dei totale driftskostnadane for bussdrifta i Møre og Romsdal. I 2019 sto billettinntektene for om lag 49 prosent av dei totale kostnadane, resterande 51 prosent vart dekt av rammetilskota (subsidiar) til fylkeskommunen. Under koronapandemien i 2020 – 2022 vart bortfall av billettinntekter kompensert med ekstra overføringar frå staten. Etter koronaåra, blei finansieringsgraden redusert til 39 prosent av dei totale driftskostnadene. Samanfatta skuldast denne reduksjonen i finansieringa lågare billettpris per bussreise i gjennomsnitt, at fleire vel periodebillett, og ein kraftig kostnadsvekst i kontraktane.
For ytterlegare detaljar om økonomi i bussdrifta, sjå rapporten Kunnskapsgrunnlag om inntektsutviklinga i kollektivmarknaden 2019-2024 frå sak 24/29 i Samferdselsutvalet 5. juni 2024.