1. Demografi

Innvandring

Det er innvandringa som gir befolkningsvekst

Møre og Romsdal passerte i 2023 for første gong 270 000 innbyggarar. Med eit fødselsoverskot på 4 personar og eit innanlandsk flytteunderskot i fylket på -402 personar, er det innvandringa som er årsaka til befolkningsveksten.

I 2023 innvandra det 4 037 personar til Møre og Romsdal, samstundes utvandra det 1 399 personar frå fylket. Dette gir ei nettoinnvandring på 2 683 personar i 2023. Dette er ein liten nedgang frå 2022, då nettoinnvandring var på 2 863 personar. Dei siste to åra har innvandringa vore stor som følge av krigen i Ukraina. Nettoinnvandringa gjekk ned i perioden 2012-2021, frå 3 090 personar i 2012 til 584 personar i 2021. Innvandringa til fylket dei siste tiåra har vore heilt avgjerande for veksten i folketalet, utan den hadde folketalet i Møre og Romsdal gått ned.

Ukraina er no nest største landbakgrunn blant innvandrarane

Etter utvidinga av EU i 2004 fekk innbyggarane i fleire land tilgang til arbeidsmarknaden i EU-/EØS-området. Dette gav auka arbeidsinnvandring spesielt i åra kring 2010. Til Møre og Romsdal kom det mange aust-europearar, særleg frå Polen og Litauen. Det er frå desse to landa flest av innvandrarane i fylket har kome frå. Før krigsutbrotet i Ukraina var det få innvandrarar i Møre og Romsdal som kom frå Ukraina. Dette har endra seg radikalet etter at mange har flykta frå krigshandlingane i heimlandet. I dag er Ukraina det landet etter Polen, som det har kome flest innvandrarar til fylket frå. Ved inngangen til 2024 var det 4 903 ukrainarar i fylket, ein auke frå 2 387 ukrainarar i 2023. Til samanlikning var det 1. januar 5 809 polakkar i Møre og Romsdal. På lista over dei 10 mest vanlege landbakgrunnane til innvandrarane i fylket, er 5 av dei land i Aust-Europa.

Innvandringa frå Litauen og Polen har flata ut dei siste åra. Talet på innvandrarar frå Litauen hadde ein topp i 2021 med 3 266 personar busett i fylket. Etter ein liten oppgang frå 2023, var er det ved inngangen til 2024 busett 3 237 litauarar i Møre og Romsdal. I 2024 bur det 5 809 personar frå Polen i fylket, ein auke på 70 frå 2023. Auka levestandar i heimlandet og valutaforhold er trekt fram som hovudårsaka til oppbremsinga i innvandringa frå desse landa. Ei stor endring i vekslingsforholdet mellom norske kroner og Euro, gjer at det ikkje lenger er like attraktivt å arbeide i Noreg. Nedgangstider i enkelte næringar i Noreg, til dømes byggenæringa, kan òg ha vore med å påverka denne situasjonen.

Innvandrarbefolkning utgjer ein stadig større del av befolkninga

I 2023 har 20,8 prosent av befolkninga i Noreg innvandrarbakgrunn. Både i Stranda, Hareid og Sande utgjer no innvandrarbefolkninga over 20 prosent av folketalet. Det er i Stranda innvandrarbefolkninga utgjer størst del av befolkninga med 23,2 prosent. Ser vi heile fylket under eitt utgjer folk med innvandrarbakgrunn no 15,6 prosent av befolkninga. Dette er ein auke frå 2022 på 1 prosentpoeng. Frå 2014 er auken 5,1 prosentpoeng.

Forrige tema:
Neste tema: