8. Kultur

Kulturmiljø

Færre arkeologiske utgravingar og færre tap av automatisk freda kulturminne

Dei fleste arkeologiske utgravingar skjer i samband med utbygging eller realisering av nye reguleringsplanar. Utgravingane blir gjennomført for å sikre kunnskapsverdien til dei arkeologiske funna, før dei går tapt. Hovudmålet for kulturmiljøforvaltninga er likevel å bevare flest mulege funn for ettertida. Frå og med 2020 har fylkeskommunen hatt mynde til å fatte vedtak om løyve til inngrep i slike sakar.

I Fylkesplanen 2021-2024 er det eit mål at tapet av kulturminne skal være mindre enn 0,4 prosent årleg. For arkeologiske kulturminne vert dette tapstalet rekna ut frå den totale bestanden av automatisk freda kulturminne, altså kulturminne som er eldre enn 1537 (jf. Kulturminnelova § 4). Dette reine tidsskiljet inneber at mange arkeologiske funn kan ha låg kunnskaps- og opplevingsverdi, trass i høg alder, og at det ikkje nødvendigvis vert stilt vilkår om arkeologisk utgraving ved søknad om inngrep.

Kvotienten gir i første rekkje ein indikasjon på kor mange dispensasjonar som vert gitt, og som ein reknar som verdifulle nok til å utløyse ei arkeologisk utgraving, men tapsprosenten vert også betre dess fleire kulturminne som er registrert totalt. Per 5.8.2024 er 4 780 arkeologiske kulturminne i Møre og Romsdal automatisk freda, jamfør den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden.

Statistikken frå dei siste åtte åra viser at talet på dispensasjonar har gått ned etter ansvarsoverføringa, og alle dei tre siste åra har kvotienten ligge under målet på 0,4 prosent. Ei nærmare analyse viser at dette ikkje først og fremst skuldast ei strengare handheving, då det er gitt få avslag, men at det er ein generell nedgang i talet på kulturminne det vert søkt løyve om inngrep i. Dette kan igjen skuldast eit lågare aktivitetsnivå og færre store sakar, men også at ein i større grad unngår konflikt og direkte tap gjennom betre planlegging eller avbøtande tiltak.

Figur over tap viser at i fylkesplanperioden (2021-2024) har tapet av verdifulle arkeologiske kulturminne (blå linje) vore under det politiske målet på 0,4 prosent i året (raud stipla linje). Tapsprosenten er rekna ut frå kor mange kulturminne det er gitt dispensasjon for, med vilkår om arkeologisk utgraving (raud kolonne), delt på det totale talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne.

Dei fleste naturinngrep og tap av automatisk freda kulturminne i Møre og Romsdal er resultat av ei ønska utvikling

Det siste året har det vore stor fokus på omfanget av naturinngrep i Norge. Norsk Institutt for Naturforsking (NINA) har ved bruk av kunstig intelligens gjort ei kartlegging over heile landet av slike inngrep dei siste fem åra. Gjennom ei geografisk analyse har vi sett på kor mange arkeologiske kulturminne som har blitt råka av same type inngrepa, og om – og eventuelt korleis – desse har vore handtert av kommunane og kulturmiljøforvaltninga.

Totalt blei det registrert 110 inngrep i konflikt med automatisk freda arkeologiske kulturminne i Møre og Romsdal, og dei fleste av desse er lokalisert til dei større bykommunane. Av desse blei det også avdekka nokre ulovlege inngrep. I minst åtte tilfelle viser flyfoto og satelitt-bilete brot på Kulturminnelova.

Analysen viser likevel at dei alle fleste inngrepa er kjente, og at det i dei fleste tilfelle er gitt løyve til desse etter Kulturminnelova. Ettersom NINA si kartfestinga av naturinngrepa er noko omtrentleg, er det likevel ikkje alltid at konflikten er reell. I mange tilfelle er det også utarbeidd eigne føresegner etter Plan- og bygningslova som skal sikre at kulturminna vert bevart, sjølv om det er utbygging og inngrep i nærmiljøet. Hovudtendensen er altså at dei fleste tapa er kjente for kulturmiljøforvaltninga, og at desse naturinngrepa er politisk velsigna og ledd i ei ønska utvikling.

Av dei totalt 110 automatisk freda kulturminna som falt heilt eller delvis innanfor NINA sine områder med naturinngrep, er dei fleste kjente for kulturmiljøforvaltninga. Minst åtte sakar er registrert som ulovlege tiltak, men dei fleste tapa og naturinngrepa verkar å vere resultat av ei ønska utvikling.

Forrige tema:
Neste tema: