4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette innvandrarar

Auke i pendlinga frå utlandet

Talet på pendlarar frå utlandet til fylket auka frå 4 820 personar i 4. kvartal 2022 til 4 962 personar i 4. kvartal 2023, ein auke på 142 personar eller 2,9 prosent. Arbeidspendlarane frå utlandet er viktig arbeidskraft og avgjerande for å opprettehalde teneste- og vareproduksjonen i fylket. Det er flest menn som pendlar, i 4. kvartal 2023 var det 4 196 menn og 766 kvinner som pendla til fylket frå utlandet. Kvinnene utgjer berre 15,4 prosent av pendlarane frå utlandet. Pendlinga har auka litt igjen dei siste tre åra, men er langt frå nivået i 2019 då heile 6 244 personar pendla frå utlandet til Møre og Romsdal.

Dei aller fleste av pendlarane frå utlandet arbeider i sekundærnæringar, heile 3 300 av arbeidspendlarane frå utlandet i 4. kvartal 2023 har sitt virke i desse næringane. Arbeidspendlarane frå utlandet er òg ei viktig arbeidskraft i sørvisnæringa, 589 personar jobbar i desse næringane. I kategorien formidling og utleige av arbeidskraft er det 894 pendlarar frå utlandet som jobbar.

Forskjellar i yrkesdeltakinga etter landbakgrunn

Av alle i yrkesaktiv alder (15-74 år) i fylket var 71,9 prosent av mennene og 65,9 prosent av kvinnene sysselsett, i 4. kvartal 2023. Sysselsettinga i befolkninga, om vi ikkje tar med innvandrarar, er 72,6 prosent for menn og 66,6 prosent for kvinner. Av alle innvandrarar i fylket var 68,1 prosent av mennene og 62,2 prosent av kvinnene i arbeid.

Innvandrarar frå gruppa Norden utanom Noreg, EU/EFTA,  Storbritannia, USA, Canada, Australia, New Zealand har høgast sysselsetting i 4. kvartal 2023 med 75,3 prosent av mennene og 72,8 prosent av kvinnene. Lågast yrkesdeltaking er det for innvandrarar frå gruppa Europa utanom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utanom USA og Canada, Oseania utanom Australia og New Zealand, der 56,6 prosent av mennene er sysselsett og 54,5 prosent av kvinnene.

Forrige tema:
Neste tema: